Kraftfondet har vore kommunen si skattekiste i mange år – no meiner økonomisjefen det er nødvendig med nedsal på 90 millionar kroner

Kommunen slit kraftig med driftslikviditeten. Etter ønskje frå formannskapet har økonomisjefen vurdert kassekreditt, men konklusjonen er at det er for risikofylt å auka lånegjelda no. I staden for vil han at kommunen skal selja seg ned i kraftfondet.