Då vi byrja på 2017 var verdien på Kvinnherad sitt kraftfond 650,4 millionar, då vi gjekk inn i 2018 var verdien 716,1 million.

Kommune melder på si heiemeside at veksten har vore på over 10 prosent, og at det særleg er utanlandske aksjar og eigedom som har utvikla seg positivt.  Størstedelen av pengane til kommunen er i utanlandske aksjar og her har auken vore på 13,9 prosent. Minst vekst er det i norske aksjar, der veksten er på to prosent. Her har kommunen 31,5 millionar kroner. Aller best har utviklinga vore i såkalla Hedgefond, med vekst på 23,6 prosent, men det er og her ein har hatt minst pengar, med 19,5 millionar kroner.