– Her har vinden verkeleg teke tak, seier Maylinn Ekeland i Rosendal Turn om den vêrutsette staden der idrettsbanen ligg.

Fotballgruppene i Rosendal Turn har sendt meldingar rundt til medlemmar med beskjed om at dei må vera snille ikkje å bruka banen før det er trygt å vera der.

– Det har blåse så mykje i går og i natt at gjerde og pålar er knekte av på kunstgrasbanen, seier ho.

Kvinnherad kommune har stengt banen inntil vidare. Det vil seia til ting er ordna og området igjen er trygt å ferdast i.