Kvinnheringen har starta ein eigen innsamlingsaksjon til Kreftforeningen. Gi ditt bidrag her.

Hausten 2014 flytta Hege Digranes Lilleaas (28) og Åsmund Lilleaas (34) saman i Lyngvegen på Husnes. Same sommaren hadde bror til Åsmund, Vegard, døydd av kreft. I mars det året vart det oppdaga at han hadde kreft i magen med spreiing til bukhinna, og berre fem månader seinare døydde han.

– Det gjekk ufatteleg fort og var knalltøft for heile familien. Uverkeleg, fortel Åsmund. Han hadde god støtte i Hege i den tøffe tida, men lite visste dei to om marerittet som venta sommaren etter.

Ut av det blå

Ein heilt vanleg sommarkveld i juni 2015 stod Hege og vaska vindauge. Ho var forkjøla etter helga før då dei hadde vore på utekonsertar på Bergenfest, og fordi ho var forkjøla hadde ho kanskje i overkant mykje salmiakk i vaskebøtta. Ho kjente seg trøytt, svimmel og kvalm. Då ho plutseleg begynte å snakka rart og sa ting som ikkje hang på greip, blei Åsmund uroleg.

– Eg hugsar eg spurde ho om ho kunne seia etternamnet sitt, og at ho blei frustrert. Ho fekk ikkje fram orda, og svara til slutt Hege Knut, som i at etternamnet hennar var Knut. Knut er namnet på faren.

Åsmund var rask med å ringa lege, trass i sterke protestar frå Hege, som syntest dette var skikkeleg flaut. Det viste seg å vera lurt. Legen bestilte luftambulanse, og rett etter at ho blei lagt på båre og ført inn i ambulansen som skulle køyra ho ned til helikopteret, fekk ho eit kraftig anfall.

– Då trudde eg at eg skulle mista ho, fortel Åsmund om den skremmande opplevinga.

Sjølv hugsar Hege lite av dette, anna enn at venninna Rita, som då jobba som ambulansepersonale, var med og henta ho. Åsmund fekk krangla seg til å vera med luftambulansen til Haukeland, og i helikopteret fekk ho endå eit kraftig anfall.

Åsmund hugsar at den første han møtte på Haukeland den natta, var Alexander Fludal, ein god kamerat av broren som året før hadde døydd av kreft, og som jobba ved sjukehuset.

– Då eg møtte han tenkte eg «No skjer det igjen, no mistar eg igjen ein av mine næraste. Eg kunne sjå bort på rommet Vegard hadde hatt på sjukehuset, og hadde mange vonde og skremmande tankar. Det var fælt å sitja slik og venta på beskjed om kva det var som feila Hege.

Svulst

Neste morgon kom beskjeden om at Hege hadde ein kreftsvulst i hovudet.

– Eg forstår ikkje korleis eg ikkje hadde merka noko til det, eg som har så lite hovud! fortel Hege.

Det som sit sterkast i for ho, var at ho hugsar ho vakna og såg bror sin Lasse sitja ved sjukesenga og grina. Heile familien var sterkt prega av meldinga frå sjukehuset, men naturleg nok var det dei nærmaste rundt Hege som tok det tyngst.

Samtidig fekk dei beskjed om at det truleg ikkje var den alvorlegaste sorten av svulst på hjernen. Svulstar i hovudet blir kategorisert frå type 1 til 4, der fire er den mest alvorlege. Hege fekk beskjed om at dette var av «type to», ein sakteveksande svulst. Legane ville operera svulsten ut, men Hege måtte venta ein månad. Hege fekk komma heim etter nokre dagar då ho hadde kome seg etter dei kraftige anfalla. Og medan ho venta på operasjon prøvde ho og Åsmund å leva mest mogleg normalt.

Åsmund meiner Hege då prøvde å distansera seg frå sjukdommen. Ho ville ikkje ha så mykje omsorg, og helst vera i fred.

– Eg var nok kanskje litt «kald», men det var min måte å takla det på. Eg grein for eksempel ikkje, eg ville berre bli frisk og koma meg på jobb igjen. Besøk og slikt var heilt fint, men eg ville ikkje ha trøyst.

Åsmund hadde meir problem med å takla situasjonen.

– Eg hadde jo nettopp vore gjennom dette med Vegard, og var naturlegvis påverka av det, sjølv om eg visste det var stor forskjell på krefttypane.

 

Operasjon

Då dagane nærma seg operasjon begynte Hege å bli meir nervøs. Kva ville skje med hjernen? Ville ho mista språket, synet eller rørsler? Det var mange farar, og aller størst fare for Hege sin del var det at ho kunne få problem med å snakka.

– Eg «googla» alt om denne krefttypen og visste kven som skulle operera meg, men alvoret kom først då eg såg åtte personar på operasjonssalen, og det var før legane kom, fortel Hege.

Operasjonen varte i vel fire timar, og gjekk fint. Hege hugsar ikkje så mykje av dei neste dagane. Etter berre fire dagar fekk ho reisa heim igjen. Operasjonen var vellukka, men ho hadde problem med å snakka. Det var mellom anna vanskeleg å seia visse ord.

– Det har heldigvis gått seg til, men eg slitt enno med å hugsa nokre namn, til dømes. Det var noko eg var skikkeleg god på tidlegare, no må eg pugga. Det er irriterande, og kan vera ei utfordring i jobben min, fordi eg har kollegaer over heile verda.

 

Sjokk nummer to

Ein månad etter operasjonen var legane framleis nøgde, og alt såg ut til å gå bra. Men same dagen som Åsmund og Hege skulle på Festidalen, fekk ho telefon frå kreftlegen sin med beskjed om å komma til Haukeland.

Dessverre viste det seg at svulsten Hege hadde var farlegare enn legane først trudde, det var ikkje type 2, men type 3, som veks fortare og er meir aggressiv. Sjølv om legane hadde fjerna mesteparten, måtte Hege gjennom både cellegift og stråling. Ein knalltøff beskjed å få.

– Eg var nok for godtruande og naiv i starten. No var det igjen uvisse og ei klar melding om at dette må følgjast opp resten av livet.

Gjennom samtale med kreftlegen forstod Hege at dei hadde hatt pasientar med same diagnose som ikkje blei særleg gamle.

Men sjølv med denne sjokkbeskjeden var Hege fast bestemt på å få med seg årets høgdepunkt: Festidalen. Ho reiste heim igjen med Åsmund og fekk det ho omtalar som den kjekkaste helga denne sommaren.

– Eg byrja å grina då eg møtte dei to første veninnene mine og fortalde nyhenda, men etter det tok eg meg saman og klarte å blokka det ut. Eg hadde det heldigvis knallkjekt resten av helga.

Til Bergen

Så kom hausten og Hege starta med stråling og cellegift. I seks veker måtte ho bu på sjukehotellet på Haukeland, og fekk berre permisjon i helgane.

– Dette var ein mykje større nedtur for meg enn då eg fekk beskjed om svulsten. Tida i Bergen var langdryg. Eg starta dagen med 20 minutt med stråling, og så måtte eg fylla tida med noko anna.

Biverknadane var ikkje så ille som frykta, men Hege var innimellom kvalm og sleit med tørr hud. Dessutan forsvann håret på sidene av hovudet ei tid etter at ho begynte med strålinga. Det synest ho ikkje var noko kjekt. Men ho fekk òg masse besøk av gode vener og kollegaer. Dessutan budde faren og broren i Bergen, og i løpet av desse vekene var ho ikkje éin dag åleine.

– Familie, vener og kollegaer betydde ufatteleg mykje i denne tida.

Få tårer

Sidan den tøffe beskjeden om kreften kom har ikkje Hege felt mange tårer.

– Det var då eg skulle gje beskjed om det til venene mine, og då eg skulle seia farvel til det fantastiske personalet på Haukeland. Du verda for ein innsats dei gjer! skryt Hege.

Åsmund på si side innrømmer at han nok fleire gonger har teke til åre-ne, og hatt det vanskeleg.

– Eg trur nesten dei nærmaste rundt meg har hatt det tøffare enn meg, seier Hege.

Midt under tida med stråling og cellegift fridde Åsmund til Hege.

– Då grein eg faktisk alvorleg mykje! smiler Hege, og ser bort på Ås-mund.

Det var gledelege nyhende, og Hege fekk noko anna å tenkja på, blant anna med bryllaupsplanlegging. Heldigvis var stråling og cellegift svært vellukka, og svulsten har ikkje utvikla seg vidare. Og bryllaup vart det – med over 100 gjester den finaste sommardagen i fjor. «Århundrets bryllaup», seier slekt og vener som var til stades.

 

Realist

Sambuarparet har lest mykje om kreft, og spesielt hjernekreft, og det har ikkje vor lystig lesnad. Dei hugsar òg godt historia dei leste i Kvinnheringen, om ungdommen Peter Myhre frå Valen som døydde av denne typen kreft.

– Statistikken er for det meste dyster, men vi sit her i dag og kan seia at så langt har det gått bra, seier Hege og Åsmund.

Ein kan finna mykje negativt på nett, men samtidig høyrer dei også om historier med positivt utfall.

– Vi har trua, smiler dei.

Dei har travle kvardagar som unge par flest, med trening, jobb og besøk av vener. Noko er likevel annleis. Veka vi møtte dei til intervju hadde Hege vore til kontroll igjen. Det er ho no kvar femte månad, der ho må ta MR for å sjå korleis det går med restane av svulsten som er igjen. Resultata var heldigvis gode denne gongen òg. Inga utvikling.

– Har kreftsjukdomen ført til at de to lever annleis enn de gjorde før?

– Ja, det har nok det. Kanskje er vi blitt meir opptekne av å nyta livet meir, gjera meir av det vi har lyst til, som å reisa, eta god mat og finna på kjekke ting saman med venene våre. Begge er glade i å planleggja og ha noko å gjera.

Jobben har òg betydd mykje for dei. Begge jobbar i dag i Palfinger Marine på Seimsfoss. For Hege har fokuset heile tida vore å komma tilbake til jobben, tilbake til det normale, travle kvardagslivet.

Dei to har ei lita oppmoding til slutt:

– Ikkje bruk tid på å irritera deg over småting i livet, som ein bulk i bilen eller trøbbel med frisyren. Gjer det beste ut av livet, og nyt, smiler dei.