Slik kan du støtta Kvinnheringen sin Rosa sløyfe-aksjon

Det var eit fantastisk skode å sjå så mange rosakledde folk på Torgplassen samla før marsjen!

Det var eit fantastisk skode å sjå så mange rosakledde folk på Torgplassen samla før marsjen!

Laurdag 19. oktober arrangerte Kvinnheringen ein av årets viktigaste turar – Rosa marsj til inntekt for Brystkreftforeningen. Men innsamlingsaksjonen vår varer ut oktober, og har du ikkje støtta den endå, kan du gjera det her!

DEL
For å støtta aksjonen med eit valfritt beløp, kan du gå inn via denne linken og klikka på "Gi en gave":

https://innsamling.kreftforeningen.no/rosasloyfe/5-12174

Til saman blei det selt imponerande 420 billettar til marsjen, som Kvinnheringen arrangerte saman med Husnes Storsenter og andre gode hjelparar til inntekt for Brystkreftforeningen og Kreftforeningen.

Før sjølve marsjen var det program på Torgplassen. Der fortalde Mona Odland frå Brystkreftforeningen Sunnhordland om deira arbeid, og oppmoda kvinnheringar om å melda seg inn. Sparebank1-stiftinga Kvinnherad overraska ho med ei gåve på 25.000 kroner til foreininga.

Trine Skår Lande frå Valen, no busett på Stord, heldt ein sterk appell. Ho har sjølv hatt brystkreft, og veit korleis det kjennest på kroppen. Sparebank1-stiftinga Kvinnherad overraska ho og Merete Lillesand frå Kvinnheringen med ei gåve på 100.000 kroner til aksjonen.

Saman med desse pengegåvene har vi klart å samla inn rundt 155.000 kroner, og det er vi utruleg stolte over! Tusen takk til alle dykk som har gitt støtte.

Artikkeltags