Kvinnheringen har starta ein eigen innsamlingsaksjon til Kreftforeningen. Gi ditt bidrag her.

Sjølv om mange som har fått diagnosen kreft, eller forstadium til denne, i større og større grad er opne om sjukdommen og om livets utfordringar, er det ikkje alle som tykkjer det er naudsynt å legga alle korta på bordet. Den unge kvinna Kvinnheringen snakka med har valt å berre informera dei næraste, og vil difor vera anonym. Ho vil bli behandla som eit friskt individ, utan noko ekstra oppstyr eller merksemd frå uvedkomande.

Då det byrja å komma blodig veske ut av den eine brystvorta hennar, gjekk det veldig fort frå legesjekk til brystoperasjon. Tjue dagar etter den første legetimen, var ho også ferdig operert. Då var heile det eine brystet fjerna, samt ein del lymfeknutar. Ved å fjerna alt trong ho ikkje stråling. Dette var hausten 2014. Sidan den gongen har ho operert tre nye gonger, grunna komplikasjonar. Dette har ført til store smerter, og likevel er det berre dei næraste som veit kva kvinna har gått og går igjennom. Ho nektar å la seg identifisera med sjukdommen.

Operert for fjerde gong

– Eg vil ikkje vera ho som hadde kreft, eg er jo meg. Folk sitt fokus på meg har kanskje endra seg til kva eg har opplevd, ikkje for kva evner eg har, kven eg er eller kva eg kan. Nyleg tok ho gått forhåpentlegvis sin siste operasjon, og ventar på at kroppen og såra skal legast. Ved Haukeland fekk ho beskjed om at operasjonen var vellukka, og ho håpar kroppen aksepterer innlegget denne gongen.

Ved primæroperasjonen vart protesen lagt bak muskelen, men kroppen hennar har ikkje godteke dette, noko som har resultert i smerter. Innkapsling har ført til at brysta vart usymmetriske. Slik ho sit i dag, krølla i ein stol med kaffikoppen i handa, kan ein ikkje sjå noko ulikt med brysta hennar. Med ein kropp som ikkje gror særleg godt, er dette truleg siste forsøk på å rekonstruera brystet.

– Om tre månadar vil ein kunna sjå om det byrjar å falla på plass, men eg veit nok ikkje om det gjekk bra denne gongen før om eit år, fortel kvinna før ho held fram.

– Denne gongen må det berre gå. Det er ikkje noko alternativ.

Sjølv om det ikkje er noko alternativ, blir det eventuelt ein kvardag utan bryst som ventar.

 

Valde vekk brystet

Då dei fann ut at ho hadde forstadium til brystkreft, fekk ho valet mellom brystbevarande operasjon og stråling eller masektomi, som tilseier fjerning av alt brystvevet. Sidan ho ikkje skulle ha fleire born, og brystet sin misjon var fullført, var valet om operasjon noko ho tok lett på. Som eit slag i andletet fann ho etterpå ut at ho brydde seg om den estetiske sida ved det også.

– Eg tenkte at kropp og utsjånad ikkje betydde noko, det som betyr noko er kven eg er. Eg er jo ikkje forfengeleg, tenkte eg, så eg sa at dei berre kunne fjerna puppen. Men då dei hadde fjerna den, vart den plutseleg veldig viktig for meg. Og som om det ikkje var nok å mista brystet, skulle eg samstundes finna ut at eg var forfengeleg!

Kvinna er ung, og har ikkje noko historie med kreft i familien. Når folk spør ho om ho har fått eit nytt syn på livet no, vert ho irritert.

– Eg har aldri trudd eg skulle døy. Livet går vidare. Ungane kan framleis gjera meg like oppgitt, og husrydding er like keisamt no som det var før operasjonen. Men du er vel glad for at det gjekk bra, spør folk meg. Men eg er ikkje glad. Sjølvsagt er eg glad eg slapp ei lang og smertefull cellegiftbehandling. Men smerta og saknet mitt er jo like vondt for meg, sjølv om nokon andre har det verre. Kvifor meiner alle at eg skal vera glad? Tenker eg heilt feil? spør ho engasjert og frustrert.

Frustrert over sin eigen situasjon, der ho må be om hjelp for å henta ved, bera klesvasken, hjelp til å støvsuga huset. Ho set stor pris på mannen sin, som set alt til side for å hjelpa henne. Han fiksar det som må fiksast, rydder hus og tar seg av ungar og kone.

– Han er heilt fantastisk, og vil berre at eg skal ha det fint. Han er ein mann som kan fiksa alt, men han kan ikkje fiksa meg. Eg trur det gjer han ganske frustrert.

Frå å vera ei som har klart seg heilt sjølv, har ho gått gjennom perio-dar i løpet av dei siste åra der ho har vore fullstendig sett ut av spel på grunn av operasjonar, med sår som ikkje gror og store smerter.

 

Arr

– Eg er jo ikkje glad. Eg er faktisk ofte ganske sur og vrang. Det er ikkje noko god kjensle, og det går jo ut over familien. Eg lurer nokre gongar på om eg vil klara å legga det heilt vekk, men eg vert jo minna på det eg har vore gjennom kvar dag, eg treng berre sjå i spegelen. Det eg har vore gjennom har sett sine arr, både utanpå kroppen og inni. Eg kjenner meg svakare, er mindre energisk og eg har fleire bekymringar. Dersom eg kjenner noko inni her, seier ho og tek seg ved sida av det nyleg opererte brystet, vert eg jo heilt paranoid. Men dei er veldig flinke på sjukehuset. Dersom eg finn noko, har eg så godt som ingen ventetid for å få det sjekka, det er som å ha ein open retur-billett til Haukeland, fortel ho.

Sjølv med arra sine, har ho stålsett seg på at livet ikkje kan stå på vent. Sjølv om folk stirer går ho på symjing med ungane, har bikini på når dei er på stranda om sommaren.

– Så lenge det ikkje er vondt, tenker eg ikkje så mykje over det lenger, men ungane får jo med seg at folk kikkar, det er ikkje særleg godt.

For denne kvinna sin del var det berre forstadium, og kreftcellene hadde ikkje sprunge ut enno. Innimellom undrar ho om ho kunne levd med det.

– Tenk om det aldri hadde utvikla seg til kreft? Så hadde eg ikkje behøvd å ta desse operasjonane og kunne unngått alle smertene, avsluttar ho tankefullt.