I desse dagar får du kanskje eit brev i posten. Dette er ei satsing i #sjekkdeg-kampanjen, som går av stabelen no i byrjinga av september. Kampanjen oppmodar alle kvinner over 25 år til å ta livmorhalsprøve kvart tredje år for å unngå livmorhalskreft. Det er fjerde året på rad at kampanjen blir gjennomført, og ein kan sjå tydelege resultat. På landsbasis er det no sju av ti kvinner som sjekkar seg, mot seks av ti tidlegare. Det er spesielt kvinner i alderen 25–34 som har late seg inspirera:
– Auken blant yngre kvinner som sjekkar seg er heilt fantastisk. Dessverre er det framleis mange som ikkje bestiller legetime når dei får #sjekkdeg-brevet, fortel Geir Vangsnes, distriktssjef i Kreftforeininga.
Telefonen frå legen sjokkerte Kristine (26): – Alvoret slo inn
Eit brev blir sendt i posten frå Kreftforeningen der dei oppmodar kvinner til å ringja og avtala tid hos fastlegen. Ei lita undersøking går raskt, skal ikkje gjera vondt og er ein effektiv måte å oppdaga livmorhalskreft på.
– Celleforandringar er ofte vanleg blant yngre kvinner, og kroppen ordnar ofte opp sjølv, men i nokre sjeldne tilfelle kan celleforandringane utvikla seg til livmorhalskreft, fortel lege Anne Brit Nygård, spesialist i allmennmedisin ved Husnes helsesenter.
– Dette kjem av at ein er smitta av HPV, eit vanleg seksuelt overførbart virus, fortel Nygård, og oppmodar samstundes alle jenter fødde i 1991 og seinare om å vaksinera seg. For denne gruppa er vaksina gratis om ein tar første injeksjon innan utgangen av desember 2018.
– Men om ein er yngre enn 25 år og føler at det er noko gale, skal ein sjølvsagt sjekka seg, understrekar Nygård.
Sytti prosent sjekkar seg
Kampanjen har ført til at fleire kvinner i Norge sjekkar seg, men likevel skulle ein gjerne fått mobilisert dei som endå ikkje har tatt turen innom helsesenteret sitt. I Hordaland er det omtrent 70 prosent av kvinnene over 25 år som tar livmorhalsprøve med jamne mellomrom.
– Det er viktig at alle oppmodar døtrer, systrer, mødrer, tanter og kollegaer til å sjekka seg, fortel Vangsnes.