Som kjent var ikkje avgjersla om å avvikla kreftkoordinatoren frå 1. oktober 2016 oppe til politisk behandling. Kvinnheringen kjente til at dåverande kreftkoordinator Eliassen Medhus sendte brev til dåverande kommunalsjef Gunn Tove Petterteig, med kopi til blant anna rådmann og ordførar, der ho uttrykte bekymring for nedlegging av stillinga. Brevet blei sendt på e-post 24. august 2016. Kvinnheringen bad om å få innsyn i brevet, som ikkje låg på postlistene, og fekk det tilsendt fredag.

Der skriv Eliassen Medhus blant anna følgjande:

– I eit møte med Gunn Tove Petterteig 27.07.16 vart eg beden om å laga eit felles informasjonsskriv til interne og eksterne samarbeidspartar som skulle sendast ut i samband med avslutning av funksjonen med kreftkoordinator og oppstart av ny ordning med kreftsjukepleiar i kommunen. Med den uvissa kring kva som skjer i ny organisasjon, har det vist seg å vera ei umogleg oppgåve. Eg kan ikkje senda ut informasjonsskriv på dette tidspunkt, når ingen har fått tilbakemelding på korleis ein ser for seg tenesta plassert.

Les også: – Er kreftsjuke og pårørande godt nok ivaretekne utan?

Vidare peikar Eliassen Medhus på usemja i kommunen om det er økonomiske årsaker til at stillinga blei nedlagt. Ho viser til at det i ein e-post blir referert til at rådmannen meinte det var på grunn av økonomiske høve, men at ordføraren seier noko anna:

– Eg har fått tilgang på svarbrev frå ordføraren til fortvila pasientar, der han forsikrar dei om at det ikkje er økonomiske innsparingstiltak som er lagt til grunn for avviklinga av funksjonen.

Den dåverande kreftkoordinatoren skriv vidare til rådmannen at kva ein vel å kalla funksjonen ikkje er det viktige, så lenge ein kan tilby lik fagleg forsvarleg omsorg for pasientar og pårørande i alle delar av kommunen, på tvers av soner og institusjonar, samt i alle fasar av sjukdomen.

– Korleis kan ein sikra at pasientar utan eit behov for ei teneste utover støttesamtalar og råd, får tilbod om oppfølging? spør ho.

Ho avsluttar brevet med å be rådmannen revurdera avgjersla om å leggja ned stillinga:

– Eg ber instendig om at ei avvikling av kreftkoordinatorfunskjonen og samarbeidet med kreftforeininga blir revurdert, og at ein ved møtet mellom administrasjonen i Kvinnherad kommune og Kreftforeningen som skal haldast 07.09.16, vel å vidareføra funksjonen ytterlegare eitt år. På denne måten kan ny organisasjon få sett seg, einingsleiarane vera på plass, og ein har meir klart for seg korleis ein tenkjer at kreftomsorga kan bli ivaretatt også etter denne omorganiseringa.

Les også: – Kreftarbeidet er sett ti år tilbake i tid