Ønskjer politisk behandling

Synnøve Solbakken (Ap) er svært skuffa over at Kvinnherad kommune har valt å leggja ned kreftkoordinatorstillinga, og ønskjer at saka skal opp til politisk behandling.

DEL

Lokale nyheiter - 5 kr for 5 veker

I mai 2016 tok Synnøve Solbakken opp spørsmålet om kreftkoordinatorstillinga i Kommunstyret, etter å ha lese i årsmeldinga til Kvinnherad kommune at den skulle reduserast.

– Det låg inne ein reduksjon av stillinga, men vi politikarar fekk ingen teikn eller uttalar om at stillinga skulle fjernast heilt. Dette burde sjølvsagt vore nemnt i budsjettarbeidet vårt, og denne saka føyer seg inn i rekkja av saker der rådmannen, og ikkje vi politikarar, gjer prioriteringar. At kreftkoordinatorstillinga blei fjerna kallar eg eit arbeidsuhell. Eg forventar at ordføraren tar tilbake styringa, og at saka kjem opp til politisk behandling. Vi må ha ein open dialog om kva vi skal prioritera, seier Solbakken til Kvinnheringen.

Ho legg til at ho har fått tilbakemeldingar frå fleire pårørande og brukarar om at kreftkoordinatoren fungerer, og gjer eit viktig arbeid. Ho peikar på at det er forskjell på ein kreftkoordinator sine oppgåver og oppgåvene til heimesjukepleien.

– Kreftkoordinatoren er spesialutdanna og god på kreftomsorg. Vedkommande sit på mykje informasjon og kompetanse om alt frå praktiske ting til hjelpemiddel og lindrande behandling. Kreftsjuke og pårørande har mange spørsmål, og fordi kreftkoordinatorstillinga er eit lågterskeltilbod, treng ikkje kreftpasienten ha vedtak for å kontakta koordinatoren med spørsmål om smått og stort.

Solbakken trur Kvinnherad kommune har mykje igjen for å ha ei slik stilling, og at den bør prioriterast:

– Kan vi som kommune vera med og hjelpa sårbare menneske i ein vond og vanskeleg situasjon, så er mi klare haldning at det skal prioriterast ved å ha kreftkoordinator i omsorgstenesta vår.

Skal orientera kommunestyret

I samband med at Kvinnheringen bad om innsyn i dokumenta som galdt kreftkoordinatoren, ringte rådmann Odd Ivar Øvregård til oss. Då fortalde han at han skal ha ei orientering for Kommunestyret om kreftomsorga i kommunen.

– Både eg og dei fleste av innbyggjarane i Kvinnherad har opplevd kreft på nært hald. Derfor er kreftomsorg viktig for meg. Eg vil orientera Kommunestyret om kreftomsorga og kreftkoordinatorstillinga, for å fortelja korleis vi har tenkt at dette skal organiserast framover. Om det er rette måten å gjera det på, får vi ta ein diskusjon på etter det, fortel rådmannen til Kvinnheringen.

Artikkeltags