Kvite «traktoregg» er eit vanleg skode i landbruket, men i fjor dukka plutseleg rosa fôrballar opp. Ein av dei som starta med det var Stian Haugland i Uskedalen, gjennom faren sitt firma Haugland Maskin der han jobbar:

– Ideen fekk vi då vi var på Agroteknikk si landbruksmesse på Lillestrøm i 2015, der dei viste fram rosa plast. Madammen meinte vi burde kjøpa den for å laga rosa fôrballar og på den måten skapa merksemd rundt og støtta Brystkreftforeininga, og slik blei det. Felleskjøpet, som leverer plasten, ringer og spør kor mykje plast vi må ha før sesongen. Etter landsdekkande skriveri om dei rosa ballane blei også blå plast tilgjengeleg, og då valde eg å bestilla det også, for å støtta Prostatakreftforeininga, fortel Haugland.

Dei blå og rosa fôrballane er å sjå når du køyrer mot Musland i Uskedalen, på bakkane rundt garden på Haugland.

– Det kan virka som om kreft er den nye, vonde «landeplaga» som rammar så mange, og då meiner eg at det er bra å få fokus på det. Eg ser jo at det har ringverknader, og at andre bønder slengjer seg på.