Tre veker etter at kona hans, Anne Sofie, døydde etter ein lang kamp mot kreft, vart det heilt tilfeldig oppdaga at Gunnar Våge òg var råka av kreft.

Optimisten

Det lune smilet, glimtet i auga og den gode replikken er på plass. Men Gunnar Våge har vore gjennom ei tøff tid.
Publisert

Kvinnheringen har starta ein eigen innsamlingsaksjon til Kreftforeningen. Gi ditt bidrag her.

Folk helsar og smiler mot han, andre kjem bort til bordet for å gje han ein klem. Gunnar Våge er ein populær mann i lokalsamfunnet. Vi møter han ein regnfull og kald januarføremiddag på kafeen i Skålagato i Rosendal.

I fem år kjempa kona Anne Sofie mot lymfekreft. Den 21. oktober i fjor døydde ho på Haukeland Universitetssjukehus i Bergen.

– Det vart fem år med oppturar og nedturar. Då ho fekk diagnosen, var meldinga at dette var ein krefttype som ein både kunne leva med, og døy av. Ho fekk jamleg behandling med cellegiftkurar, nokre verre enn andre, som heldt sjukdomen i sjakk. Men i mai i fjor fekk ho melding om at kreften hadde blussa opp igjen, midt under ein cellegiftkur. I oktober forverra det seg veldig, og i løpet av tre veker døydde ho, fortel Gunnar.

I løpet av desse fem åra vart han godt kjend med kreftavdelinga på Haukeland.

– Det er litt skummelt når personalet tiltalar deg med førenamn. Men eg opplevde eit Haukeland universitetssjukehus som var heilt fantastisk på alle nivå. Her fekk Anne Sofie god behandling og god oppfølging heile vegen.

Tilfeldig

Tre veker etter at Anne Sofie døydde, hadde Gunnar timeavtale hos fastlegen sin i Rosendal. Grunnen var at han eit par gonger i året var i Odda for å sjekka hjarta. Ein hjartefeil i familien var grunnen til at han tok denne sjekken. Legen i Odda bad om at Gunnar tok kontakt med fastlegen sin for å sjekka kolesterolet.

– Fastlegen min meinte det var så lenge sidan eg hadde vore der at han ville sjekka meir enn kolesterol. Då vart det oppdaga at eg hadde veldig låg blodprosent, fortel Gunnar.

Han hadde ikkje kjent på nokon smerter og hadde ingen mistanke om at han var sjuk, men hadde gått ned i vekt. Det trudde han skuldast den tøffe tida han hadde hatt heime grunna kona sin sjukdom.

Fastlegen slo alarm, og fire dagar seinare var Gunnar hos ein spesialist i Bergen for nærare undersøking. Den viste at han hadde ein kreftsvulst i tjukktarmen.

– Med den kjennskapen du hadde fått til kreftsjukdomen gjennom dei fem åra med kona, korleis reagerte du då du fekk beskjed om at du sjølv var råka av kreft?

– Eg trudde eg skulle reagera sterkare enn det eg gjorde. Men eg tok det heilt roleg. Det er rart når ein er midt oppi det, seier Gunnar.

Jul på sjukehus

Den 19. desember vart Gunnar lagt inn på Haukeland universitetssjukehus i Bergen. Tre dagar seinare vart han operert og svulsten vart fjerna. 67-åringen har vore velsigna med ei god helse, og hadde aldri tidlegare lege i ei sjukehusseng. Men no måtte han feira jul på sjukehus.

– Det gjekk fint å feira jul på sjukehus. Det var mange «englar» der. Minuset var at eg ikkje fekk smaka på pinnekjøtet på grunn av at det var så kort tid sidan operasjonen, smiler Gunnar.

Meldinga om kreftdiagnosen delte han berre med den næraste familien den første tida. Men då han bestemte seg for å fortelja det vidare, opplevde han det som positivt.

– Det gjorde godt. Eg fekk svært mange oppmuntringar og varme meldingar. Det kjentest godt å oppleva at eg hadde så mange gode vener, seier Gunnar.

I tida etter var det mange som sjølve hadde hatt den same kreftdiagnosen, men som seinare var blitt heilt friske, som tok kontakt med han.

– Desse kontaktane bidrog til at eg fekk meir og meir tru på at dette skulle gå bra.

Kontroll

14 dagar etter at vi hadde kafémøte med Gunnar i Rosendal, var han på ny kontroll på Haukeland. Undersøkinga viste at kreften ikkje hadde spreidd seg, men legane ville likevel at han skulle gjennom ein cellegiftkur. Den er han i gang med no.

– Planen er at eg skal ha åtte behandlingar. Det vert spennande å sjå korleis eg reagerer på dei. Eg gav beskjed til legen at eg skal på VM i skeiser i Vikingskipet på Hamar 4.–5. mars, slik at han måtte tilpassa kurane etter det, smiler Gunnar.

Han er optimist og vart på ingen måte nedbroten etter kontrollen på Haukeland, heller tvert om.

– Eg synest det var oppmuntrande meldingar frå sjukehuset, og eg er optimist. Dette skal gå bra, er spådomane til 67-åringen.

Han er aktiv på mange område: Medlem av kommunestyret, sit i styret i Kvinnherad Energi og i fotballstyret til Rosendal Turnlag.

– Eg håpar å vera tilbake i politikken no i februar. Det er godt å ha nokre fritidssyslar, slik at eg kan koma meg ut blant folk, meiner Gunnar.

Han har den siste tida lagt på seg, men meiner sjølv at skulle han stilt i ein brytekonkurranse, måtte det vore i lettvektklassen.

Nyleg var han på ny kontroll på Haukeland Universitetssjukehus.

– Eg føler meg i fin form og ser lyst på framtida, seier Gunnar.

Artikkeltags