Kvinnheringen har starta ein eigen innsamlingsaksjon til Kreftforeningen. Gi ditt bidrag her.
Helene går siste året på Rosendal ungdomsskule, og konfirmerte seg i fjor vår. Då var mor hennar til stades, men allereie veldig sjuk. Livet går sin gang. Helene bur med faren, Kenneth Bjørke, og kattane sine. Dei to eldre brørne hennar har flytta heimefrå, og sjølv om det meste er som det plar, er det eit stort tomrom i livet hennar.
– Det vanskelegaste er å bu her, alle tinga er som dei var, men mamma er her ikkje lenger, fortel ungdommen, og tårene kjem.
Mykje er som før og livet har gått vidare. Men ingenting er som det skal vera.
Mor hennar, May Iren, vart råka av ein sjeldan og hissig type kreft. Med store smerter i magen trudde legane først det var tarmplager. Men det var kreft i buken som var årsaka til smertene, noko dei fann ut då ho vart innlagd på sjukehus. Då dei fann ut av kva det var som feila ho, var det lite å gjera og statistikken på overleving gav ikkje gode odds. Det var i oktober 2015 familien fekk det triste nyhendet, og livet vart snudd på hovudet.
– Eg hugsar godt då vi fekk vita det, berre eit par dagar etter at ho hadde blitt lagt inn på sjukehuset. Pappa sa han måtte prata med meg og bror min, Johannes. Vi spurte om det var noko om mamma, og det var det, fortel ho vidare.
Orda renn ut av ho, likeeins som tårene trillar bak brillene. 15-åringen lurer på om sminken renn utover, og fortel vidare om korleis den neste tida gjekk.
– Mamma var veldig tydeleg på at vi kunne spørja ho om alt. Ho ville vera open og ærleg om sjukdommen, og ikkje halda noko ifrå oss. Mamma var slik, vi kunne snakka om alt og ingenting. Ho var fantastisk.
Finn trøyst i kattar og gode minne
Helene sit i sofaen og tørkar tårer. Ho unnskylder seg for at ho lett tar til tårene, ei unnskyldning som prellar av. Å grina fossefall ville vore fullstendig akseptabelt i hennar situasjon. Sjølv om ho sit ved vindauga, er det lite lys som kjem inn. Kattane hennar lurer på kva som er på ferde, og stikk sine trøystande snutar inntil ho, krøllar seg saman og er der med ho.
Eit smil dukkar opp, saman med eit fint minne.
– Mamma kom inn på rommet til meg, og sa at eg skulle få noko som enno ikkje var født. Eg trudde jo ho var gravid! ler Helene.
Det var ikkje småsøsken på veg, men ein kattunge.
– Eg er eit dyremenneske. Dei er gode å ha, dei trøystar meg, seier ho takksamt.
I tida som følgde var May Iren mykje inn og ut av sjukehus og sjukeheim. – Det var tøft, for ho var mykje vekke. Eg sleit allereie med både skulen og andre ting, og det vart ekstra tøft å ikkje ha ho der. Det vart ikkje akkurat lettare å konsentrera seg om skulen når ho ikkje var der med oss, betrur Helene.
Dagen mor hennar døydde, var Helene der med ho. Eit sterkt minne, men ho er glad for at ho var der.
– Det var ein dag i juli. Ho låg på sjukeheimen, og kunne ikkje snakka. Dagen før fekk eg vita at tilstanden var blitt ille. Eg var heldig og uheldig som var der då ho slutta å pusta.
Ungdommen fortel vidare om gravferda. Ei stund familien ville halda nedtona utan oppstyr blant naboar og bygdefolk. Dødsannonsen kom difor ikkje i avisa før etter gravferda.
– Det var veldig tungt å vera i gravferda. Eg grein mykje. Lærarane mine kom dit, det var fint. Eg tenkte først at eg skulle vera flink å gå til grava hennar etterpå, men eg har ikkje fått det til, det blir for vanskeleg, innrømmer Helene.
– Er du sint? undrar eg.
– Både òg. Eg er rasande på livet, det er så urettferdig. Eg kjenner to som begge fekk kreft, og no er begge to friske. Det er jo kjempeflott, men så tenkjer ein jo kvifor overlevde dei, og ikkje mor mi.
Tårene renn i etterkvart etablerte banar. Dei nye tek same vegen som alle dei ho allereie har felt. Ho held fram:
– Det er merkeleg at ho er borte. Pappa har flytta litt på ting i huset, noko er selt. Livet går jo vidare, men det er vanskeleg å vera her heime, når mamma ikkje er her lenger. Eg har ikkje lyst å enda livet, men det er ikkje så mykje som gir meg lyst å leva heller, seier ho stille og tankefull.
Nokon å snakka med
Det er likevel nokre lyspunkt i alt det tunge, og dei vil eg høyra om.
– Eg ser mykje meir til besteforeldra mine no, det er veldig kjekt. Dei er flinke å stella på grava, med blomar og lys. Elles pratar eg med pappa om alt, han nyttar all si tid på oss ungane, og veldig lite tid på seg sjølv. Han er kanskje blitt litt overbeskyttande, og vil ikkje at eg skal vera åleine. Eg har ein psykolog eg pratar med, elles er det veninnene mine og pappa eg pratar med. Innimellom vaknar eg midt på natta og treng å prata med nokon, då går eg til pappa, smiler ho.
Ein av tinga som har vore til hjelp i den vanskelege perioden er nemleg å prata om tankane sine, og om det ein kjenner er tøft å hanskast med. Helene rådar andre i same situasjon til å prata med nokon ein har nær.
– Snakk! Ikkje hald det vonde inni deg, då blir det berre verre. Det er ein vanskeleg veg, både for den sjuke og dei pårørande, men livet vil gå vidare.
Det fins eit hjelpeapparat for familiar i slike situasjonar, men Helene tykkjer ikkje at dei som pårørande har fått noko att for å vera ein del av dette apparatet. Det er likevel enkelte omsorgspersonar som verkeleg har støtta dei og hjelpt dei gjennom den vonde tida, venninna deira, Elin Skogasel, vert nemnd, likeeins Hilde Gjærløw frå barnevernet. Far, Kenneth, som sit i stova med oss, engasjerer seg i samtalen.
– Det går jo på repeat, men Stine Brattetveit er berre heilt fantastisk. Ho var der med May Iren til og med på dødsdagen, sjølv om ho hadde gått på ferie. Birgit Zimmermann har også vore fabelaktig å ha, slår han fast.
Øvrig hjelp føler han har blitt «prakka» på dei, medan familien helst ville takla perioden med minst mogleg oppstyr. Også Helene har hatt nokre dårlege erfaringar, men bagasjen ho har med seg har hjelpt ho til å staka ut vegen vidare. Til hausten håpar Helene å komma inn på helsefag i Odda.
– Eg har vore gjennom dette sjølv, og opplevd litt av kva ein ikkje bør gjera og korleis ein ikkje bør snakka til barn i denne situasjonen. Så no etter mamma døydde har eg bestemt meg for at eg vil bli noko innan helse, og jobba med kreftomsorg eller i barnevernet, der kan eg kanskje hjelpa andre barn som har det tøft, avsluttar ho.