– Ein fantastisk støttespelar

I 2015 døydde Lillian Ueland etter seks år med kreftsjukdom. Enkemannen Knut Arne Hauge i Høylandsbygd, og far til Lillian, Tarald Ueland som bur i Bergen, meiner kreftkoordinatoren i Kvinnherad gjorde eit uvurderleg arbeid, og forstår ikkje korleis Kvinnherad kommune kan fjerna stillinga.
Publisert
DEL
I 2015 døydde Lillian Ueland etter seks år med kreftsjukdom. Enkemannen Knut Arne Hauge i Høylandsbygd, og far til Lillian, Tarald Ueland som bur i Bergen, meiner kreftkoordinatoren i Kvinnherad gjorde eit uvurderleg arbeid, og forstår ikkje korleis Kvinnherad kommune kan fjerna stillinga.

Les også:
Kreftarbeidet er sett ti år tilbake i tid

Ordføraren vil sjå på krefttilbodet

Lesarinnlegg: Om kreftomsorga i kommunen

Lillian Ueland budde i Høylandsbygd, og døydde 29. november 2015 – 47 år gammal. Då hadde ho levd med nevroendokrin, kreft i bukspyttkjertelen, i seks år. Mannen hennar, Knut Arne Hauge, og faren, Tarald Ueland, fortel at dåverande kreftkoordinator i Kvinnherad, Wanda Eliassen Medhus, gav dei fantastisk hjelp og støtte i sjukdomsperioden til Lillian.

– Wanda var bindeleddet mellom oss og resten av helseapparatet. Ho hadde tid til oss, kom med mange gode råd, tok telefonar for oss og fiksa ting slik at vi slapp. I ein slik tøff situasjon er det mange bagatellar som plutseleg blir utfordringar, og som du rett og slett ikkje orkar. Kreftkoordinatoren var for oss uvurderleg, seier Hauge.

I 2015 mista Knut Arne Hauge kona si Lillian etter at ho hadde levd med kreft i seks år. Han er oppteken av at kreftomsorga i Kvinnherad må vera god, slik den var for han, Lillian, og familien deira. Han meiner kreftkoordinatoren må vidareførast.

I 2015 mista Knut Arne Hauge kona si Lillian etter at ho hadde levd med kreft i seks år. Han er oppteken av at kreftomsorga i Kvinnherad må vera god, slik den var for han, Lillian, og familien deira. Han meiner kreftkoordinatoren må vidareførast.

Far til Lillian, Tarald Ueland, synest det er heilt uforståeleg at Kvinnherad kommune valte å leggja ned stillinga.

– Då eg høyrte det «kortslutta» det hos meg. Eg skjønar ingenting, og synest det verkar heilt meiningslaust. Den støtta vi fekk i Kvinnherad, av både kreftkoordinator, fastlege og heimesjukepleien, var så bra. Eg kunne skrive ei bok berre om dét. Wanda var så til stades for oss, og stod med oss heilt til endes. Ho var ein «opp-backar» som eg ikkje har sjans å setja ord på. Samtidig som Kvinnherad valte å leggja ned kreftkoordinatoren, oppretta Bergen kommune to nye i tillegg til den eine dei hadde frå før. Kor er logikken til Kvinnherad kommune? spør Tarald.

– Å leggja ned ei slik stilling er å gå i heilt feil retning. Fleire og fleire får kreft, og behovet for nøkkelpersonar som kreftkoordinator vil berre auka framover, trur Hauge.

Etter at dottera døydde, blei Tarald brukar av Vardesenteret i Bergen, eit senter drive av Kreftforeningen og Haukeland sjukehus, som eit tilbod for kreftsjuke og pårørande.

– Vardesenteret er ein flott møteplass for gode samtalar. Når eg der snakkar med kreftpasientar og pårørande, og spør dei om dei har god hjelp og støtte, blir ofte kreftkoordinatorane nemnte som fantastiske støttespelarar.

Ueland fortel at kreftkoordinatorane i Bergen også har begynt å ta vakter på Vardesenteret kvar måndag, der dei snakkar med folk.

– På nokre område veit dei meir enn til dømes fastlegane, fordi dei er meir spissa på kreftomsorg og inne i det som handlar om kvardagslivet til dei kreftsjuke. Dei er relasjonsbyggjarar, og dei gir håp.

Skriv bok om dottera

Lillian fekk tidleg beskjed om at ho ikkje ville bli frisk. Som terapi, og i håp om å gi andre livsmotivasjon, skreiv ho dikt, og gav ut to diktbøker. Då ho fekk tilbod om livsforlengande behandling, takka ho, og sa: «Sjølvsagt vil eg leva», som seinare blei tittelen på eitt av dikta hennar. No gir foreldra ut bok om dottera, med same tittel: «Selfølgelig vil jeg leve».

Faksimile av Kvinnheringen og omtale av Lillian si andre diktbok.

Faksimile av Kvinnheringen og omtale av Lillian si andre diktbok.

– Ut i prosessen medan Lillian var sjuk, snakka eg og ho om å gi ut bok i lag. Eg kunne skriva om det å vera pårørande, og ho kunne skriva om det å vera kreftpasient. Men ho sa ho ville venta til ho fekk ein betre periode. Vi venta begge på denne gode perioden, men den kom aldri. Ho blei dårlegare, og eg ville ikkje nemna boka igjen. Eg la prosjektet heilt til sides.

Så døydde Lillian, og Tarald og resten av familien fekk ein svært tøff periode. I denne sorgprosessen begynte han å gå på Vardesenteret, og der fekk han snakka med spesialpsykologen Anette Blom. Då han nemnte bokprosjektet for henne, sa ho «Du kan jo skriva boka sjølv, så kan Lillian si stemme få komma fram gjennom dikta?». Og slik blei det. Boka er gått i trykken, og skal lanserast på nettopp Vardesenteret 16. mars.

– Det som gjer boka annleis er at vi har trekt inn ein del fagfolk. Både frå Haukeland universitetssjukheus, frå smerteklinikken på Haraldsplass, ein sjukehusprest, kreftkoordinator Wanda og fleire. Dei seier noko ut frå ein fagleg ståstad, og derfor handlar ikkje berre boka om sorgprosessen, men kan også vera interessant for legar og hjelpepersonale.

Tarald Ueland fortel at Leif Harald Hollevik også bidrar i boka, og at han gav veldig gode råd til Lillian i sjukdomsperioden.

– Ho spurde «korleis skal eg leva når eg veit eg skal dø?». Han sa til ho at ho ikkje skal snakka om morgondagen, den veit vi ingenting om, og ikkje snakka om fortida, men å leva i dag og gjera dagen i dag så god som mogleg. «Carpe Diem» – grip dagen, blei nøkkelen til Lillian, og det som gav ho livsmot.

Bokomslaget på boka som foreldra til Lillian gir ut. Den blir lansert på Vardesenteret i Bergen 16. mars.

Bokomslaget på boka som foreldra til Lillian gir ut. Den blir lansert på Vardesenteret i Bergen 16. mars.

Tid, kjærleik og omsorg

Tarald Ueland trekkjer fram noko av det han meiner er viktigast i kreftomsorga, nemleg å bruka tid på den som er sjuk og dei nærmaste rundt. Han trekkjer parallellar mellom kreftkoordinatoren og sjukehusprestar:

– Skjer det ein katastrofe eller ei ulukke stiller legar og anna helsepersonale opp, men kven er det som sit igjen når dei må springa vidare i korridorane? Det er presten, som gjerne har meir tid til å setja seg ned og snakka med pasienten. Det finst vel ikkje meir sårbare pasientar enn dei som er kreftsjuke, og pårørande er ofte slitne etter ein lang og krevjande sjukdomsperiode. Då må dei behandlast med omsorg og kjærleik, og det gjorde Wanda som kreftkoordinator.

Tarald avsluttar med følgjande:

– Kvinnherad var ein god kommune for Lillian, og Halsnøy var ei god bygd å døy i. Samspelet mellom helsevesenet der fungerte, og at Wanda som kreftkoordinator spelte «førstefiolin» i det arbeidet er det ingen tvil om.

Artikkeltags