Kvinnheringen har starta ein eigen innsamlingsaksjon til Kreftforeningen. Gi ditt bidrag her.
I veke 11 kjem mammografibussen til Kvinnherad, og seksjonsleiar ved Brystdiagnostisk senter, Andrea Oldenborg, fortel at deltakinga er bra blant kvinnene her i kommunen.
– Sist det var undersøking i Kvinnherad var det 82,5% som møtte opp, noko som er veldig bra, men vi vil sjølvsagt ha inn endå fleire. Då dette tilbodet starta opp var ein oppe i 85% oppmøte i Kvinnhe-rad, så talet har sokke litt, informerer ho.
Gjennom mammografiprogrammet vert kvinner mellom 50 og 69 år inviterte til undersøking anna-kvart år. Om lag ei av ti kvinner vil få brystkreft i løpet av livet, og åtte av ti tilfelle førekjem hos kvinner over 50 år. I snitt rammar brystkreft rundt 160 kvinner under 40 år kvart år. Ei undersøking ved mammografibussen tek mellom ti og tjue minutt, og kan vera med på å redda liv.
– Kvinnene i aldersgruppa for programmet får invitasjon i posten, med reservert time. Dei møter opp og pratar med ein radiograf, som også tar ein ytre sjekk på store føflekkar, blåmerke eller liknande hudforandringar. Deretter tar ein bild, og resultatet av undersøkinga kjem normalt i posten tre til seks veker etterpå. Alle får svar, anten det ser heilt fint ut, eller om dei må kallast inn til vidare undersøking på Haukeland, informerer Oldenborg vidare.
Tal frå Kreftregisteret viser at av 1000 undersøkingar, er det om lag 30 som vert innkalla til tilleggsundersøkingar, og fire til seks får diagnostisert brystkreft eller forstadium til brystkreft. På landsbasis vert det årleg oppdaga 1000 tilfelle av brystkreft eller forstadium til brystkreft gjennom mammografi-programmet. Med det kan ein oppdaga sjukdommen tidleg, og ein har dermed også høve til å gi behandling på eit tidleg stadium.
Førekomsten av brystkreft har hatt ein betydeleg auke dei siste tiåra, men det er også fleire som overlever sjukdommen i dag. Nesten 9 av 10 kvinner som får brystkreft er i live fem år etter dei fekk diagnosen.
I 2015 fekk 3439 menneske brystkreft, av desse var 3415 kvinner og 24 menn. Sjølv om ein går til jamlege undersøkingar gjennom mammografiprogrammet; oppsøk alltid lege dersom du sjølv kjenner ein kul eller andre forandringar i brysta.