Lèt seg ikkje knekka

Bjørg Stuland (69) er ei kvinne med vilje av stål og eit stort fokus på å vera positiv. Det kjem godt med når ein får brystkreft. Det kjem kanskje ekstra godt med når ein får diagnosen igjen. Og igjen.
Av
Publisert

Kvinnheringen har starta ein eigen innsamlingsaksjon til Kreftforeningen. Gi ditt bidrag her.

Det er om lag 30 år sidan ho fekk diagnosen første gong, og som ei av dei første som fekk operert vekk berre svulsten og ikkje heile brystet på Stord Sjukehus.

– Etter det var eg frisk og rask i 21 år, men så stod knivane i ryggen på meg att, det var så vondt! Då tok dei brystet, fortel ho. Smertene som vert beskrivne kjem ofte på grunn av at kreften har spreidd seg til skjelettet. Fem år etter fekk ho diagnosen for tredje gong, noko som er sjeldan. Det var på den tida dotter til Bjørg, Elin, tok kontakt med kreftkoordinatoren i kommunen, og mora fekk ein fagperson å prata med.

– Det var nok ei avlasting på dotter mi å sleppa litt av ansvaret, og godt for ho å vita at mammo hennar hadde nokon å prata med. Dette er eit viktig tilbod til både oss og til dei pårørande. Og Wanda her er jo fødd til denne jobben. For meg var det bingo med ein gong, fortel Bjørg engasjert med ein tommel opp.

Kreftsjukepleiar Wanda Medhus er på heimebesøk hos Bjørg på Seimsfoss, og dei reknar seg fram til at dei har halde kontakten i snart eitt og eit halvt år. For Bjørg er det ein lette å kunna prata med nokon.

– Wanda har gjort det lettare for meg å leva med kreften, slår ho fast. Kvinnene har tydeleg ein god tone som gjer at praten går uanstrengt.

Sidan Bjørg fekk kreft første gongen, er det mykje som har endra seg, både innan forsking, behandling og i hjelpeapparatet rundt pasientar og pårørande. Det har mellom anna ikkje vore nokon å prata med slik som ho gjer med kreftsjukepleiaren.

– Vi har klart oss sjølve, seier ho.

Opp- og nedturar

Bjørg framstår som veldig frisk og kvikk, trass i at ho har vore gjennom tre rundar med brystkreft. Ho går på medisinar for å lindra smerter, men dersom det fins bitterhet i denne utadvendte kvinna på 162 centimeter, skjuler ho det godt. Ho har fått seg ein ny parykk som ho er nøgd med, og informerer strålande om at no har ho to. Smilet endrar karakter, og ho kjem inn på noko av det som har vore vanskeleg å akseptera.

– Å mista brystet er ikkje noko godt. Men å mista håret var mykje verre. Etter strålinga gjekk alt veldig fort. Eg hadde kjøpt meg ein parykk, så eg var førebudd. Eg reiv først litt i håret, men det hang godt fast. Men innan ei veke hadde eg mista det, det heile skjedde plutseleg veldig fort.

Sjølv om ho var klar over kva som kom til å skje, var det tungt å gå igjennom.

På bordet i stova står ein engel og held eit lys.

– Den skin for meg kvar einaste dag, slår Bjørg fast, og vender engelen mot meg.

– Det er mykje som har vore positivt oppi all elenda, men det har jo vore nokre nedturar. Då seier eg til meg sjølv at «No må du ta deg saman!» Så er eg litt lei meg, men eg er fast bestemt på at eg skal vera positiv. Då bankar eg hardt i bordet, bannar og steiker litt, så er eg ferdig med det.

LYS: Engelen gir Bjørg lys i kvardagen. Det gjer også kreftsjukepleia-ren Wanda.

LYS: Engelen gir Bjørg lys i kvardagen. Det gjer også kreftsjukepleia-ren Wanda.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken