Overveldande støtte

Artikkelen er over 3 år gammel

139 privatpersonar og bedrifter har så langt (måndag føremiddag) støtta Kvinnheringen si innsamling til Kreftforeningen med 46.600 kroner. Tusen takk!

DEL

Fredag gav Kvinnheringen ut ei heilt spesiell avis, som handla om kreft. Dei fleste sakene i avisa blei også lagt opne på nettavisa. Talet på lesarar var rekordhøgt, og sakene blei likt, delt og kommentert. Vi har fått mange rørande tilbakemeldingar, og har verkeleg fått merka at vi ikkje er åleine om å meina at dette er eit svært viktig tema.

Kvinnheringen starta også ei innsamling via Kreftforeningen sine nettsider, og måndag føremiddag hadde 139 personar gitt til saman 46.600 kroner. Dette er fantastisk og overveldande, tusen hjarteleg takk til alle! Det er råd å gi pengar til den spesifikke aksjonen fram til og med 10. februar.

Kvinnheringen vil òg takka alle dei som stilte opp i avisa og fortalde dei sterke historiene sine til oss slik at vi fekk dela dei med lesarane. Utan dykk hadde det ikkje blitt noko kreftavis.

Har du ikkje fått lest avisa enno, kan du lesa den gratis her.

Artikkeltags