Kreftforeningen er uroa – oppmodar kommunen til å finna løysingar

Kvinnherad kommune har i dag berre éin kreftsjukepleiar i 20 prosent stilling. Det får Kreftforeningen til å reagera.

Kvinnherad kommune har i dag berre éin kreftsjukepleiar i 20 prosent stilling. Det får Kreftforeningen til å reagera. Foto:

Kreftforeningen meiner Kvinnherad kjem til å trenga meir kompetanse og ressursar i kreftomsorga framover.

DEL

I eit lesarinnlegg og ein artikkel i Kvinnheringen nyleg kom det fram at det berre er éin kreftsjukepleiar i tjue prosent stilling i Kvinnherad per i dag, og at det er usikkert om tilbodet skal bli styrka igjen.

Dette har fått Kreftforeningen til å reagera. I eit brev som ligg på postlistene til Kvinnherad kommune viser distriktssjef Geir Vangsnes til artikkelen, og skriv at det er med bekymring dei les om kutt i tilbodet til kreftråka, som dei meiner går i feil retning.

«Stadig fleire får kreft, og stadig fleire overlever kreft. I 2018 var det 86 kvinnheringar som fekk ein kreftdiagnose, medan 887 kvinnheringar levde med, og etter, kreftsjukdom. Framskrivningar frå Kreftregisteret viser at tala vil stiga endå meir i åra som kjem (...)», skriv Vangsnes.

– Auka kostnadar på sikt

Han viser til at ein kreftdiagnose kjem som eit sjokk for dei fleste, og at det både gjennom og etter behandling er avgjerande at dei råka får rett teneste til rett tid.

«Dei kan trenga oppfølging i lang tid etter kreftbehandlinga, og trenga rehabilitering for å koma mest mogleg tilbake til sitt eige liv. Dette er oppfølging og tilbod som kommunen har ansvar for. Samtidig som krefttala aukar vil også kommunane få meir ansvar for oppfølginga av denne sårbare gruppa (...)», som viser til at å redusera dette tilbodet kan bidra til auka kostnadar på sikt.

«Kvinnherad kjem til å trenga meir kompetanse og ressursar i kreftomsorga framover, ikkje mindre. På grunn av koronapandemien er samfunnsituasjonen i desse tider vanskeleg og heilt endra, og vi forstår at fokuset til kommunen er på beredskap og ivaretaking av innbyggarane og ressursane på ein best mogleg måte. Men kreft tek ikkje pause for korona. Tilbodet til kreftramma toler ikkje kutt, og vi oppmodar Kvinnherad kommune om å finna løysingar som gjer at ikkje denne gruppa av innbyggarane får eit dårlegare tilbod», sluttar Vangsnes.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken