Kasta bh-en for ei god sak

«BEHIND THE SCENES»: Førre veke tok damene som jobbar på storsenteret bilde i studio til ein reklamekampanje for Husnes Storsenter som skal skapa fokus på brystkreft. Her ser du Tone Merete Lillesletten på Vita framfor kamera.

«BEHIND THE SCENES»: Førre veke tok damene som jobbar på storsenteret bilde i studio til ein reklamekampanje for Husnes Storsenter som skal skapa fokus på brystkreft. Her ser du Tone Merete Lillesletten på Vita framfor kamera.

Førre veke tok damene som er tilsette på Husnes Storsenter bilde i studio for ei god sak.

DEL

Ni tilsette stilte førre veke opp i Husnes Storsenter sin reklamekampanje for å setja fokus på Rosa sløyfe-aksjonen. Rosa sløyfe er ei internasjonal folkerørsle som blir markert over heile verda i oktober kvart år. Målet med aksjonen er å visa solidaritet med dei som blir ramma, auka kunnskapen om brystkreft og å gi støtte til brystkreftforsking og andre brystkreftprosjekt. I oktober blir Norge farga rosa ved hjelp av bedrifter, foreiningar og privatpersonar som alle bidrar i kampen mot brystkreft. I år arrangerer Brystkreftforeningen og Kreftforeningen Rosa sløyfe-aksjonen i Norge for 21. gang etter oppstarten i 1999.

Medan damene venta på å bli tatt bilde av, gjekk praten om det viktige temaet.

– Kreft er noko alle kjenner til, anten fordi dei sjølv er blitt sjuke, eller kjenner nokon som har blitt det. Eg var nyleg og sjekka meg for brystkreft, og oppmodar alle andre om å gjera det same, seier Magni Gjuv-sland, som jobbar på Peppes Pizza på Husnes.

– Før, då eg vaks opp, høyrde ein berre om godt vaksne folk som fekk kreft. No er det mykje meir vanleg, til og med barn får det. Det er skremmande, legg Trine-Lise H. Marthinussen til.

Både ho og Grete Johnsen Grindeland på Husnes Gull & Ur stiller opp i reklamekampanjen, der damene har kasta bh-en og har rosa effektar framfor brysta sine.

– Brystkreft er éin ting, og noko ein kan kjenna og sjekka sjølv. Men det finst andre krefttypar som òg bør setjast fokus på, som eggstokk-kreft og livmorhalskreft. Det er derfor det er så viktig å sjekka seg, jo før jo betre, seier Grindeland.

Den rosa fargen og fokuset på Rosa sløyfe-aksjonen vil bli godt synleg på senteret neste veke, og laurdag 19. oktober skal Kvinnheringen arrangera ein Rosa marsj til inntekt for Kreftforeningen (sjå sistesida).

– Dette er ei viktig sak å støtta! seier senterdamene unisont.


Artikkeltags