Vil farga storsenteret rosa

DEL

I høve årets Rosa Sløyfe-aksjon arrangerer Hilde Lande Eikeland og Husnes Storsenter ein «Rosa dag» på storsenteret førstkommande laurdag. Alle som skal innom senteret denne dagen blir oppmoda om å kle seg i rosa. Det blir sal av sukkerspinn, popcorn, ballong på pinne og andre godsaker. Det blir òg lotteri med flotte premiar, og i tillegg aktivitetar som modellering med rosa modellkitt, lakking av negler med meir. Vil du gi di støtte til aksjonen kan du òg gi via innsamling på nett i regi av kreftforeningen: https://innsamling.kreftforeningen.no/9385.

Mor mi døydde av brystkreft, og derfor brenn eg for denne saka. Eg tenkjer at alle monnar drar, og ville både samla inn pengar og samtidig skapa aktivitetar på senteret. Sentersjef Geir Jakobsen sa ja til ideen med éin gong, og det set eg stor pris på, fortel Eikeland.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags