Skal la barten gro i november

Peder Sjo Slettebø har barbert seg for å vera med på Movember. Heile denne månaden skal han la barten gro for å samla inn pengar til forsking og behandling av prostata- og testikkelkreft.

Peder Sjo Slettebø har barbert seg for å vera med på Movember. Heile denne månaden skal han la barten gro for å samla inn pengar til forsking og behandling av prostata- og testikkelkreft. Foto:

Ordførar Peder Sjo Slettebø vil la barten gro for ei god sak i november.

DEL

– Eg angrar litt på at eg sa dette for ei stund sidan no, men det er for ei god sak, og då får det gå, seier ordførar Peder Sjo Slettebø.

November har fått kallenamnet «Movember», og er blitt ein månad der det vert sett fokus på prostata- og testikkelkreft hos menn. Det er òg grunnen til at ordføraren no vil la barten gro.

– Kvinnheringen har vore gode til å fokusera på kreft. Det er noko som råkar enkeltpersonar og pårørande. Samstundes er det viktig å setja fokus på kreftsjukdom hos menn, seier Slettebø.

– Er det litt meir tabu for menn å snakka om kreft som råkar dei?

– Eg trur eigentleg ikkje det er så mykje tabu lenger, og jo meir ein snakkar om det, jo enklare blir det. Kampanjar som dette er òg med på å ta vekk det vanskelege rundt å snakka om dette, og eg er glad lokalavisa tek dette opp, seier Slettebø.

Ordføraren set pris på at det blir samla inn pengar gjennom sike aksjonar.

– Det går til medisinsk utvikling, og for kvart år blir det heldigvis lettare å koma seg ut av kreftsjukdom sidan ein får betre medisinar. Eg er glad når det blir eit stort engasjement for viktige saker, og når det gjeld kreft så har vi alle nokon vi kjenner som kjem ut for denne vonde sjukdommen.

Ordføraren vil no oppretta ei side der folk gjennom denne kan vera med og donera pengar til kreftsaka.

Ordføraren ønskjer ikkje å vera den einaste som gror bart i november, og han har fem personar som han vil utfordra til å vera med han den komande månaden.

– Gaute Lund treng å barbera seg litt, og berre ha bart ein periode. Han er òg glad i å samla inn pengar, så han vil eg ha med. Dessutan veit eg at Ove Lemicka har hatt bart før, den vil eg gjerne sjå att, seier ordføraren.

Nestemann han utfordrar er kameraten Øystein Sjo på Halsnøy, og i tillegg advokat Bjarte Døssland, som ordføraren meiner ofte kan vera spydig.

– Han ser eg gjerne med bart!

Sistemann på lista som ordføraren utfordrar, er redaktøren i Kvinnheringen, som underteikna kan konstatera at absolutt ikkje ser ut med bart.

– No blir det spennande å sjå kor mykje vi klarar å samla inn, sluttar Slettebø.

Kreftforeningen har «Blå sløyfe»-aksjon

Dei fleste kjenner til at oktober er den «rosa månaden» til inntekt for brystkreft-saka. No i november står blå sløyfe-aksjonen for tur, og landet blir farga blått til inntekt for forsking og behandling av prosta-takreft. (Foto: Kreftforeningen).

Dei fleste kjenner til at oktober er den «rosa månaden» til inntekt for brystkreft-saka. No i november står blå sløyfe-aksjonen for tur, og landet blir farga blått til inntekt for forsking og behandling av prosta-takreft. (Foto: Kreftforeningen).

November, også kjent som «Movember», set menn si helse på agendaen. Fleire støttar aksjonen ved å la ansiktshåret gro, medan «Blå sløyfe» blei introdusert i fjor som den nye merkevara til Kreftforeningen for å setja fokus på prostatakreft. I år vil pengar frå Blå sløyfe-aksjonen gå til forsking, og det er ønskjeleg å setja fokus på seinskadar som mange opplever i samanheng med behandling av sjukdommen. På landsbasis er det nærare 5.000 nye tilfelle kvart år, og det er den mest stigande kreftforma i Norge. Omtrent 90 prosent av dei som får prostatakreft er menn over 60 år, og kvart år døyr 1000 menn som følgje av sjukdommen. Tidlegare trudde ein at prostatakreft var noko ein døydde med, sidan den var ei seint-voksande kreftform. Ein ser no at det er mange forskjellige variantar prostatakreft, og nokre former er meir aggressive enn andre. Gjennom forsking kan ein finna nye verktøy for å stilla diagnose for dei ulike typane, og dermed skreddarsy behandlinga til pasientane.

– Det føregår eit veldig spennande forskingsprosjekt i Stockholm no, der ein undersøkjer om ei blodprøve kan avsløra kva type prostatakreft det er snakk om – er den aggressiv? Bør den strålast? Er det snakk om operasjon? Kva type cellegift er mest effektiv? fortel leiaren av Prostatakreftforeningen Fonna, Olav Gunnar Hjelmeland.

Seinskader

Stadig fleire overlever prostatakreft, og fem år etter pasienten har fått diagnosen er over 90 prosent av dei ramma mennene i live.

– Seinskader er noko vi vil ha fokus på, sidan vi ser at mange slit med det etter behandling, fortel Hjelmeland.

Om ein er sjuk, er det viktig å ta tidleg tak i det, men ein ser at det også er mange som blir unødvendig behandla.

– Det er mange som blir overbehandla, med konsekvensen at ein får nedsett livskvalitet. Dette vil vi unngå, difor er det viktig med betre analysemetodar, held Hjelmeland fram.

Dersom du må ofte på toalettet og har dårleg stråle, kan det vera verdt å ta ein tur til legen.

– Problem med vasslatinga kan vera eit signal om at noko ikkje er heilt som det skal vera, fortel Hjelmeland.

I samråd med lege vil ein då gjera undersøkingar og ta ballen vidare.

– Skal du la barten gro?

– Dei som ønskjer det må for all del la barten gro. Eg barberer meg ikkje kvar dag, så det blir litt bart innimellom, ler Hjelmeland.

– Bart eller ikkje bart, det er viktig å få fokus på denne kreftforma, avsluttar Hjelmeland.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags