– Får vi inn 350.000 til Kreftforeningen tatoverer vi oss!

Kvinnheradrussen 2018 og Kvinnheringen samarbeider om eiga innsamling til «Krafttak mot kreft». Klarer vi å nå målet om 350.000 kroner har Kristian Enes (t.v.) og Erlend Fredheim (t.h.) lova at dei skal ta ei heilt spesiell og symbolsk tatovering – på leggen. Det synest redaktør Tomas Bruvik er knalltøft.

Kvinnheradrussen 2018 og Kvinnheringen samarbeider om eiga innsamling til «Krafttak mot kreft». Klarer vi å nå målet om 350.000 kroner har Kristian Enes (t.v.) og Erlend Fredheim (t.h.) lova at dei skal ta ei heilt spesiell og symbolsk tatovering – på leggen. Det synest redaktør Tomas Bruvik er knalltøft.

Artikkelen er over 2 år gammel

Kvinnheradrussen 2018 startar innsamling saman med Kvinnheringen, og når vi 350.000 kroner lovar desse to karane å tatovera Kreftforeningen sin logo på leggen.

DEL

Russegutar med spesielt «stunt»:– Korleis kom de på denne ideen, og var de edru då de bestemte dykk for dette?

Dei to kameratane Erlend Fredheim og Kristian Enes ser på kvarandre og ler, før dei blir seriøse:

– Ja, vi var edru, og ja, vi har tenkt gjennom det skikkeleg, fortel dei.

– Ideen kom førre veke, då Kreftforeningen besøkte KVV for å informera om den årlege innsamlingsaksjonen som russen er med på: «Krafttak mot kreft». Men i tillegg til å gå med bøsser 11. mars, ville vi ha eit endå sprøare «stunt» for å få inn ekstra mykje pengar, fortel Erlend.

– Vi tenkte først på noko a la «ice bucket challenge» og «hopp i havet», som blei svært populære på sosiale medium og spreidde seg over heile landet, fortel Kristian Enes, som er russepresident.

– Men så kom du på denne sprø ideen med at vi skulle tatovera oss, legg Erlend til.

Tatovering med meining

Kort tid etterpå kontakta dei redaktør Tomas Bruvik, for å høyra om Kvinnheringen ville vera med på eit samarbeid om innsamlingsaksjonen.

– Med den spesielle kreftavisa i fjor, klarte Kvinnheringen å samla inn mykje pengar til Kreftforeningen. Vi tenkte derfor at det kunne vera bra å kopla inn lokalavisa. Slik får vi spreidd ordet og formidla hovudføremålet vårt, som er å samla inn til ei veldig god sak som engasjerer oss alle, fortel dei to russegutane.

– Og korleis skal denne tatoveringa sjå ut?

– Vi tenkjer å ha Kreftforeningen sin logo, som ser ut som ei stjerne, i midten. Så skal «Kvinnheradrussen 2018» og summen vi samlar inn vera med, og i tillegg logoen til Kvinnheringen. Vi har vore i kontakt med Morten Einar Weberg og Simon Momchil Burmov som tidlegare dreiv Blue Norther Tattoo på Husnes. Det var der eg tok tatoveringa som eg har på armen, og eg var veldig fornøgd. Derfor har vi spurd om dei vil hjelpa oss med denne nye tatoveringa, forklarer Erlend.

– Og dette er ei tatovering de kan stå inne for og leva med resten av livet?

– Ja, absolutt! Begge har vi jo tatoveringar frå før, og dette blir nok den mest meiningsfulle. Den blir eit godt minne, både frå russetida og for oss som kameratar, og ei tatovering som betyr noko ekstra fordi vi har klart å få inn pengar til kreftsaka.

Samarbeid

Redaktør Bruvik var ikkje vanskeleg å be om å vera med på eit slikt samarbeid:

– Eg synest det er utruleg flott at desse ungdommane engasjerer seg for kreftsaka. Samtidig skal eg ikkje leggja skjul på at eg lenge har drøymt om at nokon skulle tatovera Kvinnheringen sin logo på kroppen sin! No skjer det, i samband med at Kreftforeningen får viktige pengar. Vi skal sjølvsagt gjera vår bit med å spreia dette i alle kanalane våre, i håp om å nå flest mogleg, seier han.

Vil du støtta Kreftforeningen og sjå Kristian og Erlend få nytt blekk på kroppen, kan du gå inn på følgjande nettadresse: http://innsamling.kreftforeningen.no/krafttakmotkreft2018/5-7876

Du kan også vippsa eit beløp til nummeret 451023, som er Kvinnheradrussen 2018 sitt eige nummer.

– Eg håpar så mange som mogleg vil støtta innsamlingsaksjonen, både private og bedrifter, unge og eldre. Eg trur unge folk vil synast at det er ein kul idé, medan nokre eldre og meir konservative folk vil tenkja at det er tullete at vi tatoverer oss. Uansett er det jo til inntekt for ei veldig viktig sak, og derfor håpar vi dei vil støtta uansett, seier dei to gutane.

I helga vann Kvinnheringen som kjent årets journalistpris hos Norsk Journalistlag Haugesund for fjorårets kreftavis. Prispengane på 2.500 kroner vil vi donera til denne innsamlingsaksjonen og krafttak mot kreft.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags