Tusen takk!

ROSA: Det rosa folkehavet på Torgplassen før marsjen var eit fantastisk skode! Takk til alle dykk som stilte opp.

ROSA: Det rosa folkehavet på Torgplassen før marsjen var eit fantastisk skode! Takk til alle dykk som stilte opp.

DEL

Kvinnheringen sin «rosa marsj» til inntekt for Brystkreftforeningen på laurdag blei ein stor suksess.

Vi vil takka fleire gode bidragsytarar for at dette blei så bra – vi hadde ikkje greidd dette utan dykk.

Takk til Husnes Storsenter for godt samarbeid om marsjen, til Oddbjørn Kloster som stilte med lyd og til Tone på Vita som selde billettar og varma oss opp før marsjen.

Takk òg til Are Ulseth, Trude Sundsteigen, Anne Helen Åsen, May Aasen, Mona Eikemo Røstbø, Ann Kathrin Røssland og Anne-Helen Ripel for fantastisk innsats med løypa, både klargjering og pynting.

Takk til alle andre frivillige: Billettseljarar, løypevakter, ryddepatrulje og gjengen på saft-stasjonen! Og takk til Kiwi og Coop Extra for sponsing av rosa saft.

Takk til Sparebank 1 stiftinga for sjenerøse gåver på til saman 125.000 kroner, og til Uskedal Helselag som stilte kvinnesterke og gav aksjonen 5.000 kroner. Takk òg til Profo Fonna som kom med kjekk helsing og støtta med 1000 kroner.

Takk til Byrstkreftforeningen Sunnhordland som var med oss, og takk til Trine Skår Lande for flott appell.

Takk til Brystkreftforeningen for ballongar og premiar.

Og ikkje minst: Takk til alle dykk som deltok og var med oss på marsjen denne dagen!

Innsamlingsaksjonen vår varer ut oktober, så har du ikkje støtta den enno, eller vil du bidra meir, kan du gå inn på denne nettadressa:

https://innsamling.kreftforeningen.no/rosasloyfe/5-12174

Helsing alle oss i Kvinnheringen


Artikkeltags