Bli med på «Rosa marsj» 19. oktober

ROSA GJENG: Denne gjengen skal hjelpa til med å arrangera rosa marsj på Husnes 19. oktober. F.v.: Trude Sundsteigen (IL Trio), Ann Kathrin Røssland (IL Trio), Are Ulseth (IL Trio), May Lisbeth Åsen (IL Trio), Merete Lillesand (Kvinnheringen), Mona Eikemo Røstbø (IL Trio), Tone Merete Lillesletten (Husnes Storsenter), Geir Jakobsen (Husnes Storsenter). Framme sit Ann Helen Aasen (IL Trio) og Anne Helen Ripel (IL Trio).

ROSA GJENG: Denne gjengen skal hjelpa til med å arrangera rosa marsj på Husnes 19. oktober. F.v.: Trude Sundsteigen (IL Trio), Ann Kathrin Røssland (IL Trio), Are Ulseth (IL Trio), May Lisbeth Åsen (IL Trio), Merete Lillesand (Kvinnheringen), Mona Eikemo Røstbø (IL Trio), Tone Merete Lillesletten (Husnes Storsenter), Geir Jakobsen (Husnes Storsenter). Framme sit Ann Helen Aasen (IL Trio) og Anne Helen Ripel (IL Trio).

Komande laurdag, 19. oktober, arrangerer Kvinnheringen ein av årets viktigaste turar: Rosa marsj på Husnes til inntekt for Brystkreftforeningen. Bli med og støtt ei god sak!

DEL

I år arrangerer Brystkreftforeningen og Kreftforeningen Rosa sløyfe-aksjonen i Norge for 21. gang etter oppstarten i 1999. I oktober blir heile landet «farga rosa» ved hjelp av bedrifter, foreiningar og privat-personar som alle bidrar i kampen mot brystkreft. Kvinnheringen har lyst til å bidra, og arrangerer derfor ein rosa marsj på Husnes laurdag 19. oktober saman med Husnes Storsenter og andre gode hjelparar.

Gå eller spring

Ein sporty gjeng frå idrettslaget Trio hjelper oss med det praktiske rundt turløypa som er godt merka med løypevakter som viser veg, og saftstasjon midtvegs. Start og mål er ved Nupen-krukka utanfor Husnes Storsenter, så ein runde rundt kyrkja, ein tur i Husnes-parken mot skulen og idrettsanlegg, og tilbake til sentrum langs Opsangervegen. Løypa er rundt fem kilometer, og er tilrettelagt for rullestol og barnevogn. Du kan gå eller springa – det er opp til deg.

Tone Merete Lillesletten frå Vita og TrimX skal ha ei gøyal oppvarming rett før marsj-start.

Sterke historier

Startkontingenten er bidraget deltakarane gir til innsamlingsaksjonen, men ein kan sjølvsagt støtta med større pengesum om ein ønskjer det.

Brystkreftforeningen Sunnhordland skal ha stand på senteret, der du kan møta Mona Odland.

I tillegg vil Trine Skår Lande frå Valen, no busett på Stord, halda ein appell. Ho har sjølv hatt brystkreft, og veit korleis det kjennest på kroppen.

Det blir nok sterkt å få høyra hennar historie.

Vår klare oppmoding er: Set av føremiddagen, og få med deg familie, venner, klubben, kollegaer – alle du kan, og delta på marsjen vår! Kle deg gjerne i rosa, så lyser vi opp Husnes sentrum denne dagen.

Har du ikkje høve til å delta, men vil støtta aksjonen likevel, kan du gå inn på denne linken for å bidra:

https://innsamling.kreftforeningen.no/rosasloyfe/5-12174

Artikkeltags