«Vi fekk begge brystkreft, men blei behandla heilt forskjellig»

Av
DEL

KRONIKKKvar dag får ni kvinner i Norge beskjed om at dei har brystkreft. Vi har begge vore blant dei ni, men historiene våre er svært ulike.

Brystkreft er den hyppigaste kreftforma blant kvinner. I dag lever det nesten 48.000 personar i Norge som har eller har hatt brystkreft.

Eg, Anne Lise, ble ein del av denne statistikken i mai 2005. Då var eg 46 år gammal. Kulen i brystet bekymra meg ikkje. Eg hadde hatt den ei stund, men var overtydd om at det var ein feittkul. Eg hadde nemleg fjerna ein slik 20 år tidlegare. Mistanke om katteallergi fekk meg til å bestilla time hos legen. På veg ut av legekontoret nemnte eg kulen, og derfrå gjekk alt veldig raskt. Røntgen, biopsi og alvorsmøte på sjukehuset. Eg hadde brystkreft.

Eg, Ellen, oppdaga kulen i desember 2012. Då var eg 49 år gammal. Eg var på ferie på Lanzarote då eg oppdaga eit søkk i det eine brystet. Eg forstod at det var alvorleg, for det var så synleg. Det var eigentleg rart at eg ikkje hadde sett det tidlegare. Då eg kjente etter, oppdaga eg ein stor kul. Det hasta å komma seg til legen. Eg ville ikkje seia noko til mannen eller døtrene mine, og uroa dei før eg visste noko meir. Å bera frykta åleine førte til tunge tankar og søvnlause netter. Uroa viste seg å stemma – eg hadde brystkreft.

Våre historier startar og fortset svært ulikt. På same måte som historia til dei ni kvinnene som får brystkreft i Norge kvar dag. Alle er ulike, og alle skal behandlast forskjellig.

Då eg, Anne Lise, fekk kreftbeskjeden, fikk eg vita at eg hadde kreft på eit tidleg stadium. Eg blei operert allereie veka etter diagnosen. Inngrepet gjekk som det skulle, eg hadde ikkje spreiing, og eg fekk behalda brystet. Etter strålebehandling og nokre månadars sjukemelding, var eg tilbake igjen i full jobb.

Då eg, Ellen, kom meg til legen, fekk eg vita at eg hadde ein hissig og hormonell type. På ei knapp veke blei heile behandlingsforløpet lagt. Det neste halvåret fekk eg til saman åtte cellegiftkurar. Det var beintøft. Kroppen kjentest framand og smertene var store. Etter enda meir cellegiftbehandling blei venstre bryst operert vekk. Det var ingenting igjen. Men eg var framleis ikkje ferdig. Eg måtte strålast for å sikre at alt blei vekke. Den heftige behandlinga gjorde at eg blei kreftfri, men ikkje frisk. Eg har fått fleire seinskadar, og klarte aldri å returnera til arbeidslivet.

Historiene våre illustrerer godt kor ulikt kreft rammar.

Brystkreft er ikkje éin sjukdom. Vi hadde to veldig ulike variantar som ikkje overraskande krov ulik behandling. Men også brystkrefttypar som tilsynelatande er like, treng ulik behandling. Eigenskapar i kreftsvulsten gjer at kvar enkelt pasient reagerer forskjellig. Nokon kan til dømes respondera godt på ein type cellegift, medan andre ikkje har nytte av den. Målet er å kunna gi så presis behandling at den garantert verkar. For den dårlegaste forma for behandling er den som viser seg å ikkje ha effekt.

For å kunna gi meir treffsikker behandling, treng vi meir kunnskap. Forsking som gjer at vi på førehand kan forutsei kva som vil hjelpa den enkelte pasient. Meir presis behandling vil føra til at fleire overlever og at færre får biverknader og seinskadar. Alle skal ha tilbod om best mogleg behandling, men ikkje alle skal ha den same behandlinga.

Derfor seier vi ja til rosa forskjellsbehandling.

Anne Lise Ryel,

generalsekretær i Kreftforeningen

Ellen Harris Utne,

styreleiar i Brystkreftforeningen

Artikkeltags