Dessverre er kreft noko vi ikkje kan unngå å ha eit forhold til. Dei aller, aller fleste kjem i løpet av levetida borti det å sjølv bli kreftsjuk, eller at eit familie-medlem, ein ven eller kollega får kreft.
Sjølv har vi i Kvinnheringen fleire kollegaer som dei siste åra har fått kreft. Det råkar oss hardt når ein god ven og arbeidskamerat må ut i sitt livs tøffaste kamp. Det vi som kollegaer opplever, er "barnemat". Det er den som har fått diagnosen og deira næraste, som har den tøffaste tida i vente. I dag er det heldigvis slik for mange at dei kan leva lenge med kreften, men det veit ein som regel ikkje den dagen ein får diagnosen. Ein veit heller ikkje kva for ein hard kamp som ventar. Dagar med behandling – alle dei dårlege vekene. Det å venta. Er eg ein av dei som skal bli frisk, eller går det ikkje slik? Berre dette i seg sjølv er ei påkjenning vi friske har vanskeleg for å setja oss inn i.
Med kreft er det òg slik at det handlar om flaks og uflaks her i livet. Dei sunnaste av dei sunne kan oppleva å bli råka, medan folk som har vore hardbarka røykarar i 50 år kan sleppa unna. Men livsstilen vår kan påverka dette. I dag veit alle at røyking kan føra til kreft, og at ein har større sjanse for å unngå sjukdomen om ein vel å ikkje røyka. Slik er det med mykje, ein kan ta førehandsreglar for å minska risikoen. Men i mange tilfelle er det ikkje mogleg – ein berre får kreft, har uflaks. Livet er rett og slett ikkje rettferdig. Anten ein er to, femten 40 eller 60 når ein får ein slik sjukdom, så kjennest det like urettferdig, og ein spør seg «kvifor meg?»
I Norge er vi så heldige at vi har eit svært oppegåande helsevesen som tek seg av dei som får ein slik diagnose. Vi er langt framme når det gjeld kreftforsking, og vi har ei kreftforeining som verkeleg arbeider aktivt for alle kreftsjuke.
I fredagsavisa, og på nettavisa dei neste dagane, fortel vi mange ulike historier. Både gripande, triste og lukkelege historier. Vi får høyra om nokon som har mista sine kjære, korleis det er å leva med kreft, om tru og håp. Kreft er urettferdig og uforståeleg, men det er ikkje berre nitrist heile tida. Det fører til kjærleik, varme og støtte, og at vi kanskje blir meir bevisste. Det minner oss på at vi ikkje kan ta livet, og dei menneska vi er glade i, for gitt.
Denne avisa er ein hyllest til alle dykk som er ramma.
Den er også kunnskap – om korleis det er å leva med kreft, korleis det er å mista nokon på grunn av kreft, og korleis helsesystemet tar vare på og behandlar den som får kreft.
Laurdag er den internasjonale kreftdagen, og overskotet av dagens avis går til kreftsaka. Vi har òg sett i gang ein innsamlingsaksjon på nett som vi håpar mange av lesarane våre vil vera med og støtta. Den finn du her.