I løpet av to fulle dagar denne veka har politikarar, leiarar og tillitsvalde i kommunen vore samla til ein budsjettkonferanse på Rosendal fjordhotel. Her fekk politikarane ei grundig innføring frå kvar sektorleiar om kva som rører seg i den einskilde sektoren, og kva som blir utfordringane i åra som kjem.
For sektor helse sin del – som har 800 tilsette og eit budsjett på nærare ein halv milliard – har det alt vore og er store endringar på gang.
Sektorleiar Åslaug Brænde kunne mellom anna fortelja om eit stort arbeid kring organisering for å få nytta ressursane på best mogleg måte, eit sterkt fokus på digitalisering, satsing på møteplassar som ivaretar fleire funksjonar i samfunnet og ikkje minst satsinga på ei forvaltingseining der ein har samla all sakshandsaming under éin paraply.
– Vi har endeleg fått den eine døra inn til tenestene våre, og det fungerer godt, sa ho.

Kommunen fekk køyrd seg på møtet om kreftomsorg
– Ei veldig god teneste
I dette kom ho òg inn på kreftomsorga i kommunen, som har vore eit heitt tema mellom anna i media og på eit folkemøte i Rosendal tidlegare i haust. Ho viste til at kommunen allereie oppfyller dei behova som kreftpasientar viser til at dei har trong for frå kommunen, mellom anna gjennom dei mange tilboda til frisklivssentralen, samt gjennom ei kreftsjukepleiarstilling i 20 prosent stilling.
– I Bergen kommune har ein tre kreftkoordinatorar på 300.000 innbyggjarar. Vi har nok dimensjonert stillinga i Kvinnherad, sannsynlegvis. Eg vil berre nemna det, sa Brænde til forsamlinga.
Også Tove Omdal, prosjektleiar og einingsleiar i kommunen, meinte tenesta i Kvinnherad er god, og viste døme på korleis forvaltingskontoret – den eine døra inn – vurderer og koordinerer kva tenester den enkelte har behov for ut frå førespurnadar og henvisningar. Ho viste til at fagpersonar som kreftsjukepleiaren eller andre spesialfunksjonar er medverkande i slike prosessar. Og kanskje også er nettopp den funksjonen som blir sett opp som ressurs for den enkelte om det er der behovet ligg.
– Vi har ei veldig god teneste. Utfordringa har vore å formidla dette ut. Vi har samla all koordinering bak denne eine døra inn, sa Omdal.

Bente og Astri skipar til Rosa sløyfe-marsj: – Vi ønskjer meir fokus på dette i Kvinnherad
Færre på sjukeheimar
Av andre omveltingar i sektoren som Brænde trekte fram, var at sengebruken i sjukeheimane har gått monaleg ned dei siste åra. I dag er det nokså mange ledige plassar. Til Eldrerådet i september fortalde ho at det har vore 15 prosent ledig kapasitet i sjukeheimane så langt i år.
– I og med at det ikkje er eit stort trykk på heimetenesta vår og at det er lågt belegg i sjukeheimane, antar eg vi må ha gjort ein del rett i høve til førebygging, tidleg innsats og rehabilitering kring helse, samt hjelpemiddelteknologi, sa ho.
For trass i at belegget går ned blir det stadig fleire eldre, og levealderen i Kvinnherad er litt høgare enn snittet i landet.
Pasientane i sjukeheimane i dag er òg monaleg dårlegare enn dei var for nokre år sidan. Ho viste til at det er i tråd med den såkalla omsorgstrappa, der det å bu på institusjon skal vera aller siste trinnet når alt anna er utelukka.
– Det er ikkje lenger dei eldre som sprenger budsjetta. Vi brukar enormt mykje pengar på yngre brukarar, sa ho.