«Den viktigaste saka?»

Av
DEL

MEININGARI det siste kommunestyremøtet gjekk varaordføraren vår på talarstolen i saka om fusjon av nettdelen i Kvinnherad Energi. Ei viktig sak analyserte han, ja, til og med den viktigaste saka i dette årtusen. Eg må seie eg skvatt i stolen då eg høyrte det. Sjølvsagt er det ei viktig sak, ikkje minst for dei som arbeider der. Det har eg forståing for, men den viktigaste saka i dette årtusen? Det kunne nesten høyrast ut som vi stod overfor å miste straumen alle mann, eller miste inntektene til å drive kommunale tenester for. Om vi eig heile nettdelen i Kvinnherad Energi, eller om vi eig ein del av nettdelen i BKK eller Haugaland Kraft gjennom aksjepost, er det den viktigaste avgjerda i dette årtusen? Uansett løysing vil innbyggarar og næringsliv ha tilgang på same straum. Lys i pæra, gode profesjonelle tenester og trygge arbeidsplasser. Vi har ikkje gitt frå oss noko, men blitt ein del av noko større. Vi skal ikkje selja kraftproduksjonen. Staten har endra lovverket på ein måte som krev at vi gjer endringar lokalt. Gjer vi ikkje endringar, vil det mest sannsynleg bli nedbemanning, auka administrasjonskostnader og dyrare straum. Å selja nettdelen til BKK gjev oss mange fordeler og fortsatt gode inntekter og gode tenester.

Kvinnherad kommunestyre tek kvart år svært viktige avgjersler. Vi disponerer store summar (om lag ein milliard) som skal gje barn gode oppvekstvilkår, vi driv helsetenester og infrastruktur. I møte med innbyggjarane våre vil Krf vera tydleg på at det er dette som er dei primære og viktigaste oppgåvene. Vi har eit ynskje om at kommunen skal vere ein god plass å veksa opp, og ein trygg stad å verta gamal. KrF vil gå til val med å fokusere på dette som dei viktigaste oppgåvene i lokalpolitikken.

Uansett eigarskap er Kvinnherad ein kraftkommune som gjev oss gode ekstrainntekter til å driva med kommunen sine oppgåver. Uansett eigarskap får vi pengar andre kommunar berre kan drøyma om. No fekk vi høve til å sikra lokale arbeidsplassar og aksjar i eit stort selskap som truleg vil gje oss betydeleg utbyte kvart år framover. Det er etter mi meining ei god og viktig avgjersle, men kommunestyret gjer kvart år endå viktigare avgjersler som får konsekvensar for kvardagen til oss som bur her.

Barn skal kjenne seg sett og ivaretekne kvar dag i skular og barnehagar med vaksne som har tid til kvar enkelt. Treng ein hjelp på grunn av sviktande helse eller har behov for omsorg, skal ein møte varme hender, auge som ser og tilbod som er tilpassa den enkelte. Vi skal ta vare på ressursane naturen gir og syte for at det er godt å bu og arbeide i bygdene våre. Politikarar har som oppgåve å drive ein ansvarleg økonomisk politikk som sikrar stabile tenester og god livskvalitet for innbyggjarane. For meg er det kommunen sitt viktigaste oppdrag.

Hildegunn Eiane Aarthun

Lokallagsleiar Kvinnherad KrF

Artikkeltags