Gå til sidens hovedinnhold

– Ser på det som del av samfunnsengasjementet mitt

Artikkelen er over 3 år gammel

Torstein Aarthun har jobba i Psykososial støttegruppe i 12 år. Han får framleis klump i magen når telefonen ringjer.

Den farlege trafikken

– Eg ser på det som ein del av samfunnsengasjementet mitt. På lik linje med at nokre er fotballtrenarar, meddommarar eller aktive i politikk, seier Torstein Aarthun, om kvifor han sa ja til å bli med i gruppa for 12 år sidan.

Aarthun er tidlegare prest og fekk spørsmål frå kommunen om å bli med i Psykososial støttegruppe, meir kjent som Kriseteamet. I gruppa er det fire stykk. Aarthun som no jobbar i kommunen som leiar for løn- og personellseksjonen, ein lege, ein sjukepleiar, ein psykiatrisk sjukepleiar, Leif Kongestøl, som også er leiar for gruppa.

– Vi er ikkje til for å gjera jobben for nokon, men blir ringt av politi eller helsepersonell om dei trenger assistanse i ein krisesituasjon. Ingen av medlemmene har vaktordningar, men gruppa har alltid stilt opp under reelle situasjonar. Jobben deira er ofte praktisk retta. Dei observerer og ser kor det er naudsynt med støtte. Ofte er det dei som arrangerer ein felles møteplass for alle som er ramma, der dei byr på fakta rundt hendinga, eller ein samtale for dei som treng det.

– Det er i første rekke det ordinære hjelpeapparatet si oppgåve å følgja opp dei pårørande, men vi gir ei hand der det er nødvendig.

Meiningslause ulykker er dei verste

Sjølv om det er eit viktig verv, er det ikkje eit verv Aarthun ønskjer skal bli mykje brukt.

– Når eg får ein telefon om at det har skjedd noko får eg ei blanda kjensle. Ein blanding av at her må vi trø til, samstundes som eg kan kjenna at eg ikkje har lyst. Det kan vera tøft. Å førebu seg til ein slik situasjon er umogleg, fortel Aarthun. Det beste er å stilla med eit ope sinn, i staden for å laga seg eit bilde på førehand. Du veit aldri kva du møter.

– Det verste eg møter er tragiske og meiningslause ulykker, særleg der unge menneske er innblanda. Aarthun fortel at det å ikkje ta slike intrykk med seg heim, er umogleg.

– Til tider får eg små drypp når eg ser på borna som søv, der eg kjenner at vi må ta ekstra vare på dei. Sjølv om gruppa alltid har evaluering etter ei hending, og eit godt samarbeid med naudetatane, tar jobben på.

Når Aarthun er ferdig med arbeidet etter ei ulykke, er han alltid veldig sliten.

– Det er vondt å sjå at folk har det tøft. Men oppgåva gir ikkje berre smerter. Det å få bety noko for nokon, er det det beste med arbeidet.

– Akkurat når det står på har eg av og til tenkt at dette kan bli for krevjande, men det er verdt det då eg veit det kan gjera ein forskjell for nokon. Kvar gong telefonen ringer om ei krise får Aarthun ein klump i magen. Men om han ikkje lenger får det, tenkjer han at då er han på feil plass.

– Det er aldri ei kjekk oppgåve, men ei viktig oppgåve, og nokon må bidra når andre treng det.

Kommentarer til denne saken