– Lær dykk å setja grenser

Pensjonert familieterapeut Liv Slettemark snakka om kjærleik, forelsking, homofili, grensesetjing og respekt til konfirmantane som skal opp til kristen konfirmasjon i Valen kyrkje.
Publisert

Førre veke blei Kvinnheringen med på ei konfirmasjonsundervisning i Valen kyrkje, med gruppa til prest Lina Håland. Gruppa på rundt 35 ungdommar kjem frå Valen, Uskedalen, Herøysund og Utåker. Denne veka skal prest Reidar Ådnanes ha undervisning for ei gruppe på 35-40 ungdommar frå Husnes og Sunde, men førre veke bidrog han til Håland si undervisning saman med pensjonert familieterapeut Liv Slettemark. Ungdommane skal delta på minst åtte slike samlingar i løpet av året, og i tillegg vera med på eit visst tal gudstenester i kyrkja.

Den gylne regelen

Då dei kjem inn døra i Valen kyrkje må dei leggja frå seg mobiltelefonane sine i ei korg. Sikkert smart, skal dei klara å halda fokus på undervisninga. Så blir dei møtt av prest Håland, som noterer ned namna deira:

– Hei! Så kjekt å sjå deg! seier ho og smiler til kvar og ein.

Så er opplegget i gang. Håland tenner lys for konfirmantane i lysgloben.

– Den representerer jorda, og lyset i midten representerer Jesus, sidan han var lyset for verda, seier ho til konfirmantane.

Prest Reidar Ådnanes oppmoda konfirmantane om å gå med bøsser for Kirkens Nødhjelp, og forklarte også verdien av den gode gjerninga.

Prest Reidar Ådnanes oppmoda konfirmantane om å gå med bøsser for Kirkens Nødhjelp, og forklarte også verdien av den gode gjerninga.

Etter lystenninga tar prest Reidar Ådnanes over, og fortel at dagens tema er kjærleik.

– Ved alle viktige val de skal ta i livet, vil eg de skal tenkja på den «gylne regelen»: Gjer mot andre det du vil dei skal gjera mot deg. Har du fått kjærleik, gi den vidare, oppmodar Ådnanes.

Ådnanes fortel også om bakgrunnen for temaet til årets fasteaksjon: «Ja, vi elsker dette vannet». Om nokre veker skal konfirmantane nemleg gå med bøsser for Kirkens Nødhjelp.

– For nokon handlar fasten om at det er ei plikt ovanfor Gud, slik at ein kan fokusera på å be. For andre handlar det om det medmenneskelege, å ofra noko sjølv for at andre skal ha det betre.

Presten gir nokre døme på korleis ungdommane sjølve kan samla inn pengar for at menneske i Afrika skal få reint vatn frå brønnar, i staden for å måtta gå langt for å henta vatn.

– 10 brusflasker er verdt 200 kroner. Då kan eitt menneske i Afrika få varig vatn. Lar du vera å betala for Spotify i fire månedar er det 400 kroner spart, som kan bli til 100 tre planta for å hindra ørkenspreiing. Tenk kva de ungdommar kan gjera for andre! oppmodar presten.

Møteplass

Så er det tid for pause. Det er sett fram chips, dip og saft, praten går lett, og stemninga er god.

– Dette er høgdepunktet på heile samlinga, meiner nokon av ungdommane.

For nokon kan det bli lenge å sitja i ro og lytta, men det må til skal ein læra noko. Og slik vi ser ungdommane samla no i pausen, er det ikkje tvil om at kyrkja også kan vera ein triveleg møteplass. Ikkje alle desse ungdommane ser kvarandre på skulen kvar dag. No får dei høve til å prata, tøysa, flørta.

– Konfirmantleiren på Brandøy var veldig kjekk! legg gjengen rundt bordet til.

Vi spør to av gutane kvifor dei valde kristen konfirmasjon.

– Det var det mest naturlege for meg, det er tradisjon. Og kyrkja kan vera ein koseleg møteplass, seier Daniel Handeland (14).

Joakim Heimvik (14) er samd:

– Kyrkja har mange gledelege arrangement, som til dømes dåp og bryllaup. Eg trur vi hadde merka det godt om kyrkja plutseleg forsvann frå samfunnet vårt.

Dei meiner at konfirmantkullet her er ein samansveisa gjeng som går godt ilag, og dei skryt av prest Lina Håland.

– Ho er veldig flink og kjekk, og så har ho humor! seier Daniel.

Konfirmasjonsundervisninga er også ein møteplass for ungdommane. I pausen sit latteren laust, og det er god stemning.

Konfirmasjonsundervisninga er også ein møteplass for ungdommane. I pausen sit latteren laust, og det er god stemning.

Kjærleik

Liv Slettemark er pensjonert familieterapeut, og jobba mange år på Familievernkontoret på Stord. Ho snakkar med ungdommane om forelsking og kjærleik, og bruker døme frå eigen ungdom:

– Då eg var på dykkar alder blei eg forelska heile tida, men eg visste ikkje kva eg skulle seia då eg møtte ein gut. Då eg fekk mitt første kyss, syntest eg det var ekkelt. Og det var endå pinlegare å møta han igjen etterpå. Eg lurte på om eg var normal! seier Slettemark, og ungdommane ler.

Ho fortel at det finst mange former for kjærleik, mellom foreldre og barn, mellom kjærastar, mellom gode vener.

– Og så er det kjærleiken til Gud, og Gud sin kjærleik til oss. Så høgt elska Gud verda, at han gav son sin, den einborne. Det er den ultimate kjærleiken.

Slettemark snakkar også om sex med ungdommane, og kjem med gode råd.

– Kvar og ein av dykk må tenkja over: Når er det godt, og når er det ikkje godt? De må sjølve setja grenser, det er dykkar kropp. Sei nei viss de ikkje har lyst. Å seia nei treng ikkje bety at ein ikkje er forelska, det kan bety at ein ikkje er klar til å vera intim, fortel Slettemark.

– Det er heller ikkje uvanleg å bli forelska i same kjønn. Då eg var ung blei det ikkje snakka om, men no har det vore mykje omtalt. Ser de på SKAM? Eg har ikkje sett så mykje av det, men veit homofili er blitt teke opp der. Mitt råd er at de må snakka med nokon de stolar på.

Slettemark nemner også nettsida Ung.no, som har god informasjon. Ho snakkar også om skilsmisse, og kor vondt det kan vera for barn og ungdommar å oppleva at foreldra går frå kvarandre. Så avsluttar ho med nokre velvalde ord.

– Det er eit sjansespel å bli glad i nokon, for ein kan mista dei. Men ikkje mist håpet om at det går an å finna nokon som passar for deg, det finst mange døme på at det går an, og at det kan vara.

Liv Slettemark snakka om temaet kjærleik, og fortalde om eigne erfaringar frå ungdomstida si. Ho delte også gåde råd med ung-dommane.

Liv Slettemark snakka om temaet kjærleik, og fortalde om eigne erfaringar frå ungdomstida si. Ho delte også gåde råd med ung-dommane.

Artikkeltags