Kristian Steinsvik (19) frå Neslia i Rosendal har vore eitt år i førstegongsteneste og har no fått stilling som førar for panservogna til bataljonssjefen i andre bataljon i Skjold Leir i Intre Troms.

Totalt søkte 120 personar på stillinga, men etter første runde med intervju var dei berre 50 att. Då stod ein fysisk test på agendaen. Søkjarane vart testa så langt kroppen tolte og dei beste vart plukka ut og tilbodne jobb i Forsvaret.

– Dette er stillingar ein ikkje berre blir tildelt, ein må visa at ein er betre enn dei andre på alle måtar, seier Steinsvik.

Steinsvik fortel at han søkte på jobben fordi han synest det er veldig kjekt å køyra panservogn. Han byrjar i den nye jobben 1. august.

Mange gode minne

– Kva er ditt beste og verste minne frå førstegongstenesta?

– Eg har mange gode minne. Kanskje første gongen eg køyrde panservogn etter eg var ferdig utdanna, eller då vi hadde NATO-øving. Vi leikte krig midt på E6, mitt lag bestod av oss og nokre amerikanarar og vi var liksom fienden, det var kjempegøy. Mitt verste minne må vera meistringsløpet. Vi gjekk i 64 timar utan søvn, minimalt med mat og store fysiske påkjenningar. Sjølv om det var grufullt, lærte eg mykje om meg sjølv og eg anbefaler alle som har moglegheita til å gjennomføra eit slikt løp, svarar Steinsvik.

Då Kvinnheringen spurte om han synest det var vanskeleg at nokon skulle sjefa over han, svara han:

– Det gjekk heilt fint, det er veldig sutlaust å berre gjera som ein får beskjed om. Eg anbefaler alle som skal inn i førstegongsteneste å berre finna seg i at ein er nedst på rangstigen i hierarkiet, det gjer alt mykje lettare.

Steinsvik fortel at det er ein ny mal i Forsvaret no, tidlegare var tingen å bryta folk ned for så å byggja dei opp igjen, no byggjer dei på det som allereie er.

– Dei i Forsvaret kalla oss «kremen av norsk ungdom», smiler Steinsvik.

Lang kontrakt

Steinsvik fortel at han har fått kontrakt til han er 35 år, men han ser for seg å jobba i eitt år i første omgang. Han hadde eigentleg planar om å studera Nautikk i Haugesund, men slik vart det ikkje då han fekk moglegheita til denne jobben.

– Eg har ingen faste planar for framtida, men eg kunne lett sett for meg ei framtid i Forsvaret. Eg veit ikkje endå, eg får sjå, smiler Steinsvik.

Elles legg Steinsvik til at han oppfordrar alle som har moglegheita å gå inn i førstegongstenesta, å gjera det. Det er eit år han aldri vil gløyma og han har lært ting han aldri elles ville lært.