Gå til sidens hovedinnhold

Kristin, Bård, Therese og Anja skal kjempa om førsteplassen

Artikkelen er over 1 år gammel

Førstkomande laurdag blir det stor korunderhalding i Halsnøy samfunnshus.

Inspirert av tv-konkurransen som gjekk for nokre år sidan, skal Kristin Isdal Eide, Bård Øvsthus, Therese Njøten Størksen og Anja Regin leia kvart sitt korlag.

Laga skal konkurrera om ein gjev førsteplass, med ein fullsett sal som publikum.

– Billettane gjekk raskt unna, så no har vi bestilt tv-overføring til pub-stovene også, slik at vi har plass til endå fleire som vil få dette med seg. Og kvelden blir avslutta med allsong leia av meg og Henning Sæbø, lokkar Tone-Lise Jonassen ved samfunnshuset.

Les også

Vidare i talentkonkurranse: – Tårene pressa på

Kommentarer til denne saken