Eit godt solglimt på haustfesten i Åkra

MERKEUTDELING: Ei merkeutdeling er eit bevis på godkjent oppgåve. Her ser vi den ivrige gjengen i Solglimt 4H ta imot sine bevis for vel gjennomført prosjekt. (Foto: Privat).

MERKEUTDELING: Ei merkeutdeling er eit bevis på godkjent oppgåve. Her ser vi den ivrige gjengen i Solglimt 4H ta imot sine bevis for vel gjennomført prosjekt. (Foto: Privat).

Artikkelen er over 1 år gammel

Tradisjon tru var det i helga duka for den årlege haustfesten til Solglimt 4H i Åkra.

DEL

På haustfesten var det mykje moro når Solglimt 4H viste fram prosjekta dei har heldt på med det siste året. 50 frammøtte kunne ta med seg eit smil heim då dagen var omme.

Latterkrampe

Det heile starta med litt underhalding, og latteren lét seg ikkje venta på. Frå salen kunne ein nyta synet medan to lag skulle utføra forskjellige oppgåver på scena. Første oppgåve var å sortera Non Stop etterfølgd av å stabla koppar for å få den øvste plastikkoppen i ein pyramide til å stå i botn. Som om det ikkje var nok, skulle deltakarane flytta bomullsdottar frå eit bord til eit anna - med nasa! Trikset her var å dyppa nasa i smørost for å få ein klebrig effekt. Konkurransen blei avslutta med at laga skulle byggja eit høgt tårn med plastikkoppar. Eit moment som gjorde det heile enda morosamare: Det gjekk på tid. Underhaldninga vart avslutta av ein leik som heitte «Ikkje lov å le». To og to deltakarane skulle sitta mot ein annan på scena, og halda «mina» medan det blei fortalt tørre vitsar. Dette var enklare sagt enn gjort, spesielt med latteren som spreidde seg i lokalet medan vitsane blei fortalt.

Årelang tradisjon

Ifølgje Andreas Ølvestveit (14) var farfaren hans ei ildsjel som i si tid starta haustfesten for vel 40 år sidan. Kvart år etter dette har medlemmane i 4H presentert prosjekta dei har jobba med i løpet av det siste året, og det er gjerne ikkje dei typiske tinga dei vel å laga prosjekt om.

– Ei hadde laga prosjekt om hest, medan ein annan presenterte prosjektet sitt om å mekka på moped, fortel Andreas.

Sjølv er han kasserar og medlem av Solglimt 4H, og i år tok han for seg slalåmkøyring.

– Eg likar godt å stå på ski, og kan titt og ofte nytta meg av Blådalen, som er omtrent tre kvarter å køyra frå Åkra, seier han.

Aldersspennet i Solglimt 4H strekk seg frå 10-årsalderen og opptil 18 år. Gruppa tel 13 medlemmar per dags dato, og på haustfesten vart 12 av prosjekta presenterte.

Merkeutdeling

Heilt til slutt blei festen avslutta med at medlemmane fekk merkeutdeling for bestått oppgåve til ståande jubel frå publikum.

– Eg synest det er veldig kjekt, og skal vera med til neste år også, avsluttar den ivrige slalåmkøyraren.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags