100.000 i tilskot til prosjekt og arrangement

Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

Det var sett av 100.000 kroner til kommunale tilskot til prosjekt og arrangement, og Levekårskomiteen tildeler på følgjande måte:

• Natasha April Soyris får 10.000 kroner til eit kortfilmprosjekt.

• Baroniet Rosendal får 45.000 kroner til gjennomføring av kulturprogram 2018.

• Husnes Jazzklubb får 15.000 kroner til ein serie på fem konsertar.

• Sunde kyst- og litteratursenter får 15.000 kroner til å arrangera «Sundesprell».

• Halsnøy kloster får 10.000 kroner til Klosterdagen.

• Husnes musikklag får 5.000 kroner til seminar og konsert.

Søknad frå IL Trio vart vurdert til å høyra til under tilskotsordninga «Trivelsmidlar», og vart flytta.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags