Lesekonkurranse for vaksne

Biblioteksjef Trude Hege Bergesen håpar bedrifter og andre vil slenga seg på lesekonkurransen Lesedytt.

Biblioteksjef Trude Hege Bergesen håpar bedrifter og andre vil slenga seg på lesekonkurransen Lesedytt.

Artikkelen er over 4 år gammel

Trur du at du kan lesa fem bøker innan 10. april? Kvinnherad bibliotek vil ha vaksne med på lesekonkurranse.

DEL

Du har kanskje høyrt om aktivitetskampanjen Dytt der ein skal gå flest mogleg skritt og registrera det med skritteljar?

– På biblioteket har vi vore med på dette eit par gonger, og før jul slo det oss at vi kunne starta ein liknande kampanje, men om lesing, seier Anita Larsen ved biblioteket i ei pressemelding.

– På sommaren har vi Sommarles for barn, så denne gongen vil vi fokusera på dei vaksne. Det er viktig at vaksne les også, av fleire grunnar. Ein grunn er at vi vil oppfordre vaksne til å vera lesande førebilete for barna. Vi kallar det ein konkurranse for å appellera til konkurranseinstinktet til dei som treng den drivkrafta. Men dette er ein uhøgtideleg konkurranse, og alle som er med, er med i trekninga om premiar. Og alle skal få diplom, lovar Larsen ved biblioteket.

Ein kan altså delta individuelt eller som lag, eller begge delar. Laget kan ha maks seks personar som les minst ti bøker til saman. Og det er premie til laget med det beste namnet. Dette håper ein kan appellera til ulike arbeidsplassar om å konkurrera internt, t.d. mellom ulike avdelingar. Eller eit lag kan utfordra ein liknande arbeidsplass.

– Vi ser for oss ivrige lesarar t.d på lærarrom, i avisredaksjonar og på rådhuset, heiter det i pressemeldinga.

Ein kan lesa både skjønnlitteratur og sakprosa, men kommunale sakspapir tel dessverre ikkje, melder dei ved biblioteket.

Det er oppretta ei Facebook-side, facebook.com/lesedytt, der ein t.d. kan dela leseopplevingar, koma med lesetips, eller  koma med avskrekkande meldingar til konkurrerande lag. Påmeldingsskjema, der du skriv ned bøkene du les, og gjerne ein liten kommentar, får du på biblioteket. Ein gong etter innleveringsfristen 10. april vil biblioteket arrangera ein bokfest med premieutdeling.

(Presseinfo)

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags