Alida Henriette (10) fekk rolla som Annie

Publisert
DEL

Torsdag 21. februar får du sjå ti unge talent på scena i Kulturhuset Husnes. På programmet står den kjende musikalen om den foreldrelause «Annie». Vi stakk innom ei øving for å sjå korleis gjengen låg an.

Det er ei stund sidan det blei sett opp ein musikal med unge skodespelarar i på Husnes, men i desse dagar driv ti unge skodespelarar i alderen 9-15 år med øving til musikalen Annie. Dei ivrige talenta har øvd sidan september, og er klare for å visa fram kva dei er gode for i ei oppsetjing på to akter den 21. februar.

– Det blir teater med mykje song og dans, og ein god dose humor og alvor i denne familieframsyninga. Den passar for alle mellom 0 og 100 år, seier Eirin Nordvik som har hatt regien.

Annie er ein amerikansk musikal frå 1977, basert på teikneserien «Little Orphan Annie» gitt ut i 1924. Teksten til musikalen er skriven av Thomas Meehan, songtekstane av Martin Charnin og musikken av Charles Strousse. Sjølve handlinga er sett til depresjonstida i USA på 1930-talet. Her møter vi 11 år gamle Annie som bur på ein barneheim.

Barneheim-styraren, Frøken Hannigan, er ein forferdeleg person som ikkje har mykje til overs for barna som bur der – ho får blant anna ungane til å vaska golv midt på natta! I håp om eit betre liv, drøymer Annie om at dei biologiske foreldra hennar ein vakker dag kjem og hentar henne. Draumen går kanskje i oppfylling når den snille Herr Warbucks hjelper ho på vegen?

SONG: Fleire scener stod på øvingsprogrammet tysdag ettermiddag, blant anna framføringa av songen «beinhardt liv» medan barna vaska golvet.

SONG: Fleire scener stod på øvingsprogrammet tysdag ettermiddag, blant anna framføringa av songen «beinhardt liv» medan barna vaska golvet.

Rørande historie

Om knappe tre veker står dei unge skodespelarane klare på scena for å underhalda tilskodarar med kjappe replikkar, song og dans. Alida Henriette Vik (10) frå Halsnøy skal spela Annie, og ho er veldig spent på stykket.

– Eg har alltid likt å synga, og eg kan nesten alle tekstane utanåt no, smiler ho.

FORELDRE: Annie vil så gjerne finna dei biologiske foreldra sine. Her øver ho saman med Eirin Nordvik på ei rørande scene i stykket.

FORELDRE: Annie vil så gjerne finna dei biologiske foreldra sine. Her øver ho saman med Eirin Nordvik på ei rørande scene i stykket.

Ei hjarteskjerande scene utspelar seg medan Kvinnheringen er innom, med ein rørande replikk frå vesle Annie: 

– Alt eg ønsker er å få eit liv som alle andre barn og finna foreldra mine, seier ho sørgmodig.

Grace, spelt av Aina Osmundsen, kjem til unnsetning for å trøysta Annie:

– Så, så, Annie, det går bra, seier ho medan ho legg armane rundt den foreldrelause jenta.

– Vi skal finna foreldra dine, legg Herr Warbucks til, spelt av Bartek Krakus.

Mange karakterar

– Kvifor valde de å gjera musikalen Annie? spør vi.

– Det hadde litt med elevgruppa å gjera. Med ti stykk og eit vidt aldersspenn, gjorde det at dei yngre kunne spela barn medan dei eldste kunne spela vaksne karakterar. Då passa det godt med Annie, seier Eirin.

– Likar de å spela vaksne karakterar? spør vi dei eldste skodespelarane.

– Ja, det er kjempekjekt, seier Alva Aspmo (14) og Kristianna Øvrevik (15), som speler Lilly og Frøken Hannigan.

Frøken Hannigan er i store delar av førestillinga ein ganske sur karakter, ei rolle som Kristianna til tider synest er vanskeleg å gjennomføra.

– Å vera sur er vanskelegare enn ein trur! ler ho.

Karakteren Lilly er ein litt «fisefin» person som nett har kome ut av fengsel. Ho har som mål å treffa ein rikmannskar.

– Kjenner du deg igjen i rolla? spør vi Alva.

– Så absolutt ikkje, men det er veldig kjekt å spela ei rolle som er heilt annleis enn seg sjølv, svarer ho smilande.

SKODESPELARAR: Desse unge skodespelarane har sidan september øvd på Annie-musikalen. Om tre veker er gjengen klare til framsyning. Frå venstre ser vi Julie Heimvik, Alida Henriette Vik, Bea Røssland-Telset, Thorjan Svendsen-Hagen, Kristianna Margrethe Øvrehus, Emil Thorkildsen Totland, Aina Karin Osmundsen, Alva Aspmo, Harald Vaage og Bartek Krakus.

Øvinga held fram, og i løpet av dei neste vekene skal dei øva i helgar og fleire ettermiddagar for å vera heilt klare til å underhalda publikum med ein halvannan time lang musikal.

ANNIE: Alida Henriette Vik (10) speler rolla som Annie, og har det karakteristiske raude og krøllete håret på plass.

ANNIE: Alida Henriette Vik (10) speler rolla som Annie, og har det karakteristiske raude og krøllete håret på plass.

Artikkeltags