Bramness og Vaage i baroniet

Hanne Bramness og Lars Amund Vaage. (Arkivfoto).

Hanne Bramness og Lars Amund Vaage. (Arkivfoto).

Artikkelen er over 7 år gammel

www.kvinheringen.no: Fredag 15. juli står ekteparet Lars Amund Vaage og Hanne Bramness frå Sunde på kulturprogrammet i Baroniet Rosendal.

DEL

Sjølv om ekteparet skal lesa frå eigne bøker, Bramness frå diktsamlinga «Utan film i kameraet» og Vaage frå si komande diktsamling, er programmet oppført som konsert. Det skuldast at dei har med seg Einar Røttingen på klaver.

Røttingen er professor i utøvande musikk ved Griegakademiet ved Universitetet i Bergen. Han debuterte i 1987 og har bak seg ei rekkje solistoppgåver med nasjonale og internasjonale orkester. Han har òg gitt ut ei rekkje plateinnspelingar.

Bramness si bok «Utan film i kameraet» kom ut i fjor haust. Den inneheld dikt til bilete av kjende kunstnarar og amatørfotografar. Dikta krinsar rundt tema som tid og minne, kunst og dokumentasjon.

Diktsamlinga Vaage skal lesa frå, «Den stumme», har kjærleik og død som tema og kjem ut til hausten.

– Det er alltid ei glede å opptre i baroniet. Og så er det ekstra stas å kunne presentera nytt stoff heime, seier han til Kvinnheringen.

Han hadde ei tilsvarande framsyning i baroniet i fjor, den gongen med broren Knut som tonefølgje på klaver. Det er første gongen han framfører ting saman med Røttingen.

– Han skal improvisera og tilpassa musikken til tekstane våre. Det er ikkje nett daglegkost for klassiske pianistar, så det blir spennande. Eg gler meg, seier forfattaren.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags