Polsk Chopin-meister til Kvinnherad

DYKTIG: Alle som er glade i vakker, klassisk musikk bør ta turen til Husnes Kulturhus søndag 21. oktober og høyra den dyktige pianisten Grzegorz Niemczuk sin konsert «Choping i ord og tonar». (Pressefoto).

DYKTIG: Alle som er glade i vakker, klassisk musikk bør ta turen til Husnes Kulturhus søndag 21. oktober og høyra den dyktige pianisten Grzegorz Niemczuk sin konsert «Choping i ord og tonar». (Pressefoto).

DEL


21. oktober gjestar den polske pianisten Grzegorz Niemczuk Husnes kulturhus med klaverkonserten «Chopin i ord og tonar».

Grzegorz Niemczuk er ein av dei fremste yngre pianistane i Polen. Han er fødd i 1985 og gjekk ut frå musikkakademi i Katowice med høgaste utmerking. I 2010 vann Grzegorz Niemczuk førsteplass i den store Chopin-konkurransen i Warszawa, og han blir no betrakta som ein av verdas fremste Chopin-tolkarar.

Søndag 21. oktober gjestar denne eminente pianisten Husnes kulturhus med eit program som har fått tittelen «Chopin i ord og tonar», heiter det i ei pressemelding. Grzegorz Niemczuk vil då gi til beste dei mest virtuose, vakraste og mest kjente verkea av Frédéric Chopin. Som Chopin-meister er det alltid ei heilt spesiell glede for han å formidla sin landsmann sin musikk i utlandet. Kveldens krevjande program vil til fulle visa Grzegorz Niemczuk sin virtuositet og hans evne til å formidla kvart enkelt musikkstykke sin særeigenheit og kjenslemessige djupne.

I januar 2013 vann Grzegorz Niemczuk Carnegie Halls debutantpris i skarp konkurranse med mange av verdas fremste instrumentalistar, og han har allereie eit stort internasjonalt namn. I sin korte karriere har han spelt med fleire av verdas fremste symfoniorkester.

Grzegorz Niemczuk har gjesta Norge kvart år sidan 2010, og 2018 blir eit like så aktivt år for den unge pianisten som dei føregåande. Året starta med ein omfattande turné til Japan, og deretter ein februar-turné i Norge kor han spelte i sju byar og kommunar. I tillegg til søndagens konsert på Husnes, vil Grzegorz Niemczuk under denne turnéen halda konsertar i Eidsvoll, Nittedal, Porsgrunn, Kongsberg, Larvik og Mandal. Vidare vil han halda meisterklassar ved Universitet i Kristiansand for tredje år på rad.

Grzegorz Niemczuk er ikkje berre ein eminent og virtuos pianist, han er også ein strålande pedagog og kåsør. Som alltid når han har konsertar, vil han fortelja om den musikken han skal framføra. Dette gjer ein konsert med Grzegorz Niemczuk til ei helt spesiell og givande oppleving, står det i pressemeldinga.



Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags