Christina Dahl er den prisløna tenorsaksofonisten frå København, som fleire gonger tidlegare har begeistra kvinnheringane. Arrangørane har tidlegare presentert Dahl i fleire ulike settingar, både med sitt eige band, Christina Dahl Kvartet, og saman med Sophisticated Ladies. I 2016 vart Dahl spleisa med Jazzverket under Kvinnherad Kulturfestival. Dette inspirerte til oppfølging under «Kammerjazzen» i Nerhuskjellaren i fjor og no blir det altså endå eit møte, i det stemningsfulle og heilt spesielle konsertlokale i Nerhustunet. Her vert det framført eit utval låtar frå standardrepertoaret, i tillegg til nokre av Ivar Baste sine eigne låtar, mellom anna den nyskrivne «A visit in a cellar». Laurdag kveld skapar vertskapet stemning med litt servering ute på tunet før konserten, og satsar på hjelp frå måneskinet over Malmangernuten når konserten er over.

– Vi håpar på magi denne kvelden, både ute og inne, melder Stein Haugen i Jazzverket.