Dei første to framføringane blir som alltid i Halsnøy Samfunnshus, denne gongen torsdagen før advent. Dagen etter tar koret turen til kyrkja på Valen, der dei har hatt gleda av å opptre siste åra. Og første adventssøndagen går ferda over fjorden til Nysæter Kyrkje på Stord, heiter det i ei pressemelding frå strupebandet.

Programmet på konsertane er ei fin blanding av musikk som passar til årstida og julehøgtida. Koret sine eigne solistar blir flittig brukt, og det faste orkesteret er med som alltid. I tillegg har koret fått med flotte gjester, Emilie Vik, 18 år, som songsolist, og Marius Sjo, 20 år, som orkestermedlem på slagverk. Begge er fødde på Halsnøy og oppvaksne på Stord, og det er fantastisk moro å ha dei med.

Gjermund Fredheim er gjest på gitar, han var også med på sommarkonsertane i år, og det er eit stort privilegium for koret å ha han med. Han er profesjonell musikar, reiser verda rundt med eige band, og underviser elles på Sunnhordland Folkehøgskule.

Ingeborg Kvamme har også denne gongen vore med når det gjeld det visuelle uttrykket, og flinke folk er i sving med det som skal til for å laga eit heile av konsertane. Dirigent er Kari Aalvik Tarberg.