Dei seks sjøulkane frå Leirvik og der omkring er plateaktuelle igjen, denne gongen med cd-singelen «Boney». Den kan forfriska deg med tittelkutt og eit konsertopptak av «The Bonnie Ship the Diamond».

Storm Weather Shanty Choir lovar album nummer fire neste år, og i ventetida vi me tilrå «Boney» på det varmaste. Tittelkuttet byr på frisk og maritim folkrock, utsøkt arrangement og kuling i dei vokale kasta. «The Bonnie Ship the Diamond» gir eit glytt av kor moro det er å oppleva desse publikumspiratane i levande live.

Storm Weather Shanty Choir har elles åtte års fartstid. Koret har dels segla sin eigen sjø, dels saman med andre musikalske sjørøvarar som Odd Nordstoga, Kaizers Orchestra, Vamp og Dave Cloud.

Som nemnt i tidlegare meldingar, må dette havsalt-marinerte og utruleg energiske Stord-koret i utgangspunktet opplevast i levande live. Men når det kjem til digitale etterlikningar av Storm Weather Shanty Choir, er deira eigne plater absolutt å føretrekkja. «Bounty» på full guffe er dessutan så bra, at du kan sjå drøvlane til Håkon Vatle, Ronny Sætre, Rune Nesse, Vidar Vedå, Roald Kaldestad og Gisle Østrem daska mot høgtalarmembranane.

Her kan du prøvelytta.