Elisabeth Werp-utstilling

Eitt av Elisabeth Werp sine verk. (Pressefoto).

Eitt av Elisabeth Werp sine verk. (Pressefoto).

Artikkelen er over 5 år gammel

Laurdag 27. april opnar Elisabeth Werp utstillinga «Resonans» i Galleri G Guddal i Rosendal.

DEL

I byrjinga av april i år opna ho ei stor utstilling på Stenersenmuseet i Oslo. Der er temaet «Et dukkehjem» av Henrik Ibsen. Kva skjedde då Nora gjekk? Utstillinga i Rosendal blir heilt nye bilde, men ein del av bilda er laga over same tema, pressemelder galleriet.

Werp har utvikla ein heilt spesiell og umiskjenneleg stil der teknikk og symbolikk glir over i kvarandre. Motiva er draumeaktige, symbolske, figurative, men med abstrakt innhald.

Werp har etter mange år med eksperimentering funne fram til ein særeigen teknikk der ho byggjer opp maleria i ulike lag gjennom teikning, kjemikaliar, silketrykk og maling. Ho brenn og sliper vekk overflata, malar, teiknar og arbeider med medium som tempera, silketrykk, kol, marmorstøv, bly, krom jernvitriol, skjellakk og emulsjonar. Prosessen i maleriet kjem tydeleg fram. Motiva ligg gjerne tilbake i tid; barndom og oppvekst på gardsbruk i Øvre Eiker.

Moi-lunsj
Bjørn Moi er i Rosendal igjen og serverer lunsj under utstillingsopninga. Galleriet har samarbeidd med Moi fleire gonger og han tok også initiativ til Rosendal mat og kunstfestival. Han har vore med i oppbygginga av Bølgen og Moi-restaurantane og er i dag direktør i Norstamp, Porsgrunn.

Under utstillingsopninga blir det musikk ved Jonathan Ellingsen, gitar og song, Sondre Handsmark, piano og Njål Thunold Hatteberg, slagverk.

Utstillinga står til 25. mai.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags