«Folk og røvarar i Kardemomme by» til Rosendal

Barneteater: Dei fleste kjenner vel til det herlege Kardemomme by-universet til Thorbjørn Egner, og søndag kan du få oppleva det når Sandeid Barne- og ungdomsteater har framsyning i Rosendal.Foto: Istoria.no

Barneteater: Dei fleste kjenner vel til det herlege Kardemomme by-universet til Thorbjørn Egner, og søndag kan du få oppleva det når Sandeid Barne- og ungdomsteater har framsyning i Rosendal.Foto: Istoria.no

Barne-og ungdomsteateret i Sandeid ungdomslag besøkjer Rosendal på søndag med denne klassikaren av Thorbjørn Egner.

DEL

Sandeid Barne- og ungdomsteater starta i 1987, og sidan den tid er det ikkje få stykke dei har iscenesett. Dei avsluttar ofte sesongen med ein turné, og søndag føremiddag blir det framsyning i Rosendal samfunnshus. Teatergruppa har sendt ut følgjande pressemelding om framsyninga:

«Alle me som bur i Kardemomme by er stolte over å kunna ynskja deg velkommen til byen vår. Som du sikkert veit er ikkje denne byen som andre byar. Her tek folk det litt meir med ro enn i byar flest. Lensmannsetaten har eit nokså avslappa forhold til kriminalitet, og håpar kanskje innerst inne at det kjem til å gå over av seg sjølv. Det hadde det nok også gjort, men som røvarane sjølv seier: «Me må nå ha noko å leva av!» Og då er det kanskje berre rett og rimeleg at dei forsyner seg litt her og litt der. Og det er ikkje gods og gull dei gjer seg rike på, nei – kort og godt mat.

Den som ser seg lei på dette litt sløve slaraffenlivet i Kardemomme by, er nok tante Sofie. Ho gjev eit stikk til både politi, trikkeførar og ungane i gata. Dei har langt frå den ordenssansen som ho har, noko som stadig set tålmodet hennar på prøve. Store utfordringar får ho då ho hamnar i røvarhuset, men fortvila røvarar finn råd. Dei «røver» henne tilbake.»

Dette uskuldige universet skapte Thorbjørn Egner i bokform i 1955. I utgangspunktet vart historia laga for Barnetimen. Allereie året etter vart Kardemomme by sett opp som teater. Scenografien og kostyma er designa og laga av Aud Sigrid Flesland. Gjennom mange år har Sandeid teater hatt gleda av eit samarbeid med henne. Ho boltrar seg fritt, og det er i hennar scenografi me set liv til karakterane i «Folk og røvarar i Kardemomme by». Velkommen til kvar og ein» står det til slutt i pressemeldinga.


Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags