I fjor blei det klart at Elin Enes var plukka ut som ein av dei seks heimekokkane i Eyvind Hellstrøm sitt Heimekokklaug.

No skal Heimekokklauget gi ut ei eiga kokebok på 200 sider før jul. 30 av desse skal Elin fylla, og denne helga vart ho fotografert inne og ute i heimemiljøet sitt av Arve Serigstad frå Stavanger som skal ta alle bilda til boka. Han er også ein av dei seks i lauget, men er eigentleg grafisk formgjevar med fleire kokebøker bak seg. Det er byrået Anti som styrer prosjektet.

Ei veke vil gå med på Fornebu i Oslo der alle matrettane vert laga og fotografert i eit innleigd studio. Hellstrøm sjølv skal skriva innleiinga i boka. Serigstad reiser no rundt til dei fem kollegaene for å skildra dei fotografisk i heimemiljøet og Elin var den andre på lista. Då Uskedalen.no var innom vart ho fotografert mellom raude eple i hagen. Seinare inngjekk ein visitt i Baroniet i arbeidsplanen.