Fekk kongeleg sølv

Eldsjela Knut E. Skåla (79), Rosendal, fekk måndag føremiddag ei gledeleg overrasking: Kongens fortenestemedalje i sølv.

Ein overraska Knut E. Skåla får overrekt medalje og diplom frå ordførar Synnøve Solbakken.

Ein overraska Knut E. Skåla får overrekt medalje og diplom frå ordførar Synnøve Solbakken. (Foto: )

DEL

Medalje og diplom vart høgtideleg overrekt av ordførar Synnøve Solbakken, og seansen fann naturleg nok stad i den såkalla Gurine-verkstaden i fjøra nedanfor Rosendalstunet. Det er der Skåla og dei andre i Interesselaget for galeas «Gurine» er i sving med eit omfattande restaureringsarbeid med den stolte skuta.

Fortenestemedalje, ordførar, kaker og blomar kom fullstendig overraskande på Skåla. Etter mange vakre ord frå ordførar og andre, var heidersmannen sin første kommentar slik:

– Dette kom som ei vassbytte på meg!

Kvinnherad kommune, Grenda, Interesselaget for galeas «Gurine», Interesselaget for Vangssaga, Kvinnherad Kystlag og Kjeldestølen venelag står bak medaljesøknaden. Ein skal ikkje ha lese mange lokalavisutgåver for å ha fått med seg at Knut E. Skåla har delt raust av godt handlag, lunt vesen og stor arbeidsinnsats i dei fire nemnde organisasjonane.

– Knut E. Skåla har i heile sitt vaksne liv gjort eit stort og verdfullt arbeid lokalt og regionalt, sa ordføraren mellom anna.

Les meir i Kvinnheringen si papirutgåve onsdag.

Artikkeltags