Fotokunst og maleri

Sandie Carol Dougnac. (Sjølvportrett).

Sandie Carol Dougnac. (Sjølvportrett).

Artikkelen er over 6 år gammel

Laurdag 8. september opnar ei internasjonal kunstutstilling i Galleri G Guddal i Rosendal. Ein av utstillarane har bakgrunn frå Husnes.

DEL

– Dette blir ei utstilling der vi får eit glimt av kva som skjer i kunstverda utanfor Norge, skriv Gøril Guddal i ei pressemelding.

Utstillinga består av innslag frå tre kunstnarar.

Mona Eckhoff Sørmo kjem frå Trondheim, men har bustadadresse i København og Veidholmen på Smøla. Ho er utdanna ved mellom anna Kunstakademiet i Bergen, Madrid og Praha. Ho har gjort ei rekkje offentlege utsmykkingar som Postgirobygget og NRK sitt hovudkontor i Oslo. Ho arbeider på pleksiglas eller finerplater, gjerne med bruk av materiale frå naturen og industrien. Maleria har ofte ein sterk tredimensjonal verknad med ulike strukturar.

Linda Saytes er fødd i New York og busett i San Francisco. Ho er sjølvlærd kunstnar med økonomi som utdanningsbakgrunn. Dei nyaste maleria hennar er av kystmotiv, laga av ein kombinasjon av olje og akryl. Dei flytande fargeovergangane gjev maleria ein luftig effekt som kjenneteiknar kunstnaren sitt arbeid. Motiva er inspirert av det vakre kystlandskapet i Nord-California og Cape Cod, Massachusetts (USA).

Sandie Carol Dougnac er ein norsk-fransk sjølvlærd fotokunstnar som bur og jobbar i Paris. Her jobbar ho med eigne utstillingsprosjekt og utsmykkingsarbeid for privatpersonar og bedrifter. Ho er også fotoassistent for Pia Myrvold. Sandie har budd ein periode i Kvinnherad og har mellom anna hatt utstilling under Kvinnherad Kulturfestival.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags