Utstillinga «Natur og kultur» består av maleri der Friele har brukt relasjonen mellom natur og kultur som eit sentralt tema, står det i ei pressemelding. Ho brukar naturen sine eigne materiale som utgangspunkt for vidare tenking rundt form, medium og uttrykk.

Gjennom ein lengre periode har kunstnaren arbeidd med vedstablar. Frå eit anonymt nyttetilvere ved husveggen blir vedstablane fargerike utropsteikn i naturen, som riss og linjer på landskapet sitt naturlege lerret. Arbeida i utstillinga er ei vidareføring av Friele sine kunstnariske prosjekt kor ho tar rikt for seg av naturen sine eigne materialar. Slik som ho også har gjort i tidlegare arbeid der sand og jord vert blanda på lerreta og skapar bilde av menneskeleg nærvere og aktivitet.

I Rosendal møter publikum objekt lada med kulturell symbolikk gjennom verk som utforskar materialiteten i råmaterialet, rett nok bearbeidd og stilisert, men like fullt natur. På denne måten skapar Friele ei heilskapleg utstilling. Med få, effektfulle verkemiddel går ho inn i ein viktig og evigvarande diskusjon om tradisjon og miljø.

Bjørn Inge Follevaag ved Radiator Samvirket er kurator for utstillinga og skal opna den laurdag. Ragnhild Kløve-Graue frå Voss skal ha musikkinnslag med kontrabass og song.