Med julemusikk og dikt frå Arne Torget har var det stor ståhei då Elins Matgleder opna.
Elin Enes har fått mykje blest i det siste, som medlem av Eivind Hellstrøm sitt «hjemmekokkelaug». No er det bygdefolket i Uskedalen og folk elles i Kvinnherad som kan gle seg over ein ny tilvekst på matfronten i kommunen.
– Dette er det tøffaste mathuset i Norges land, sa Arne Torget under opninga.
Elin Enes takka for mange gode ord frå Torget.
– Så mange fine ord har eg aldri fått før, sa ei rørt Elin Enes, som hadde det svært så travelt under opninga.
I det kjellar delen av det nye huset var det tett i tett med julekaker, som vart selt ut i stort tempo. Dessutan fekk born gratis sukkerspinng og det vart servert lappar og kaffi. I overetasjen på huset fekk folk smaka ei rekkje tapasrettar.
– Veldig godt, var kommentaren frå unge Emma Ripel som smakte på eit kyllingspyd.
Det rulla på med blomar og gratulantar til familien Enes, og Kristian Bringedal frå Uskedal Utvikling takka og for ein ny flott tilvekst i bygda.