Geologidag i Steinparken

Bildet er frå i mai fjor, rett før den geologiske tidsaksen blei opna. Rolf Karlsen med tommestokken, medan Øystein Skaala (nærast) og Vidar Haugland kontrollerer at han får dei rette måla.(Arkivbilde).

Bildet er frå i mai fjor, rett før den geologiske tidsaksen blei opna. Rolf Karlsen med tommestokken, medan Øystein Skaala (nærast) og Vidar Haugland kontrollerer at han får dei rette måla.(Arkivbilde).

Artikkelen er over 5 år gammel

Laurdag inviterer Steinparken til open dag om den geologiske tidsaksen.

DEL

Arrangementet er landsdekkande i regi av Norsk Geologisk Foreining. Målet er at folk flest skal få læra noko om geologi, heiter det i pressemeldinga frå Folgefonna Nasjonalparksenter, som sidan opninga har hatt søkjelys på geologi. Ved senteret er det såleis utstilt ei større mineralsamling, og ein kan sjå eit bildespel om den geologiske historia på Folgefonnhalvøya – «Drama i Berg». Steinparken er senteret sitt geologiske besøksmål der det er utstilt steinblokker av ulike slag. Ved sliping av større flater kjem fargar og strukturar i steinen fram på ein vakker og instruktiv måte.

– Saman med den geologiske tidsaksen gjer dette Steinparken til ein unik attraksjon. Det er difor naturleg å leggja Geologiens dag til desse omgjevnadene, skriv nasjonalparksenteret.

I år vil forskar Bjarte Hannisdal frå Senter for Geobiologi, Universitetet i Bergen, delta med emne «Den geologiske tidsaksen – jordens livslinje!».

Den geologiske tidsaksen er også ein biologisk tidsakse. Gjennom jordas historie har geologiske og biologiske endringar påverka kvarandre. I dette foredraget ser Hannisdal nærmare på nokre av dei dramatiske globale endringane som skjuler seg bak namn som «kritt» og «karbon».

Arrangøren legg opp til enkle aktivitetar for born og servering av kaffi og kaker i samarbeid med Steinparkens venner. Det vert høve til spørsmål og samtalar.

– Målet med Geologidagen er å gje geologien den plassen faget fortener. Dette ynskjer vi å gjera ved å tilby alle eit lite grunnlag for betre kunnskap om geofag og den rolla geologien spelar i samfunnet, både historisk, kulturelt, for arbeidsplassar og i verdiskaping. Samstundes vil vi inspirera unge til geofagleg utdanning og realfag generelt. Vi vil visa at geologi er artig og interessant, noko som møter oss alle i det daglege, står det i pressemeldinga.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags