Gira før Husnes-konsert

Skambankt speler på Husnes og 5460 i morgon kveld. (Pressefoto).

Skambankt speler på Husnes og 5460 i morgon kveld. (Pressefoto).

Artikkelen er over 3 år gammel

Ifølgje Skambankt-vokalist Terje Winterstø Røthing vil kvinnheringane få oppleva eit band i sitt livs form på 5460 i morgon kveld. – Eg garanterer at det blir knallkjekt!

DEL

Lokale nyheiter - 5 kr for 5 veker

I morgon kveld speler Skambankt på Husnes, og Kvinnheringen tok ein prat med vokalist Terje. Han fortel at han har eit slags forhold til Husnes og Kvinnherad gjennom kompis Rune Solheim som han spelte med i Kaizers Orchestra. Terje har også spelt med dette Kaizers på Husnes to gonger, i 2002 og 2005, og på Festidalen i Uskedalen i 2009.

– Det kan vera vel så kjekt å spela på små plasser samanlikna med å spela på store scenar i store byar. På små plasser oppstår det ein intimitet, og nokre av dei kjekkaste jobbane eg har gjort har vore på små scenar. Men det kjem sjølvsagt an på dagen og publikum.

Ny plate og turné
I januar i år gav Skambankt ut si femte plate «Sirene». Kvinnhering og platemeldar Torgrim Øyre gav den terningkast fem då han meldte den for Dagbladet i januar:

«Plata er i det heile tatt spekka med lekre detaljar, gode arrangement og flott instrumentalarbeid. Det dynamiske spennet er stort frå den punka «Sort Blod» til lummert balladeri i nydelege «Gamle Spøkelser». Om du er glad i klassisk rock med litt attåt, er det berre å handla» skreiv Øyre.

– Vi har hatt god tid til å finna ut kva vi ville med denne plata. Medan Kaizers har køyrt sin trilogi har eg med Skambankt nesten hatt tre-fire år til å laga demoar og låtar på si. Vi nytta tida godt, og har hatt det privelegiumet at vi har kunna latt låtane modnast. I tillegg har vi for første gong jobba med ein produsent. Kåre Vestrheim er ein av Norges flinkaste og mest allsidige produsentar, og han har i tillegg spelt tangentar på plata. Samarbeidet har vore utelukkande positivt, eg synest plata låter betre.

I sitt livs form
No turnerer Skambankt i heile Norge, og vi spør kva som er det kjekkaste og kjipaste med turnétilværet:
– Det kjekkaste er definitivt å spela konsertar. Det kjipaste er å stå opp tidlega dagen etter konserten og køyra i åtte-ni timar!

Men Terje kan røpa ein artig detalj som er ein liten trøyst for bandet.
– Vi køyrer no rundt i vår femte van, og denne gongen kjøpte vi ein bil som har tilhøyrt Det Kongelege Hoff! Så vi køyrer med stil og sit ekstra godt i den bilen.
– Har de ein spesiell rider (liste med krav frå bandet, til dømes mat eller utstyr dei ønskjer når dei kjem til nye plasser)?
– Vi er nok ganske «nedpå» typar med få divanykker, men det einaste som kan nemnast er at vi jo har ein øl-«nerd» i bandet i Hans Egil Løe, derfor vil vi gjerne ha eit sortiment av godt pol-øl.

Det kan nemnast at Skambankt faktisk produserte sitt eige øl i samband med at dei sleppte singelen «Voodoo». Då fekk Løe reisa til Florø og Kinn Bryggeri og vera med på bryggjeprosessen.
– Stas å ha eige øl ja, spesielt for Hans Egil!

Vi avsluttar med å spørja Terje kva kvinnheringane kan forventa seg på konserten laurdag kveld.
– Publikum vil få sjå og høyra eit Skambankt i sitt livs form. Det er lenge sidan vi har spelt saman, derfor er vi ein «svolten» og god gjeng på turné som diggar det vi held på med. Vi har fem plater å velja låtar frå, og synest sjølv vi aldri har vore betre. Alle jobbane vi har gjort på denne turneen til no har vore veldig kjekke, derfor garanterer eg at kvelden på Husnes også blir knall!

Artikkeltags