Heimekokklauget med ny kokebok

Eyvind Hellstrøms handplukka heimekokklaug er klare med bok. Elin Enes er nummer to frå venstre. (Pressefoto).

Eyvind Hellstrøms handplukka heimekokklaug er klare med bok. Elin Enes er nummer to frå venstre. (Pressefoto).

Artikkelen er over 4 år gammel

Eyvind Hellstrøms handplukka heimekokklaug er klare med bok, og i den samanhengen inviterer ein av kokkane, Elin Enes, på boklansering i Elins Matgleder i Uskedalen.

DEL

Ho inviterer alle som har lyst til å koma måndag kveld (18/11). Enes lovar smaksprøva frå noko av det ho har med i sitt kapittel i boka. I tillegg gløgg, kaffi og anna å bita i.

Ifølgje ei pressemelding frå bokprosjektet , har kvar av dei seks heimekokkane fått sitt eige kapittel i boka. Målet er å gi lesarane den kunnskapen som trengs for å lukkast på kjøkenet.

Boka gir nyttige og handfaste tips til kvardag og fest. Frå baking til grilling, singelmat, drikke og rett bruk av ustyr. «Hjemmekokkelauget» arbeider på frivillig basis og legg jamleg ut nye tips og råd på heimesider og bloggar, og deltar elles på ulike arrangement mediearrangement.

Artikkeltags